Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter PT ynskjer innspel til ny frekvensstrategi for perioden 2015 - 2016
Sist oppdatert

PT ynskjer innspel til ny frekvensstrategi for perioden 2015 - 2016

PT har i dag publisert forslag til ny strategi for frekvensforvalting som skal gjelde for perioden 2015 - 2016. Frekvensstrategien byggjer på PTs overordna strategi, og mellom anna nasjonale breibandsmål og mest mogleg samfunnsnytte skal vere førande for frekvensforvaltinga. Høyringsfristen er 12. oktober.

PTs nye frekvensstrategi gjeld for 2015 og 2016 og byggjer på PTs overordna strategi. Hovudmåla er at PT skal vere oppdatert på utviklinga og utfordringane i næringane, leggje offensivt til rette for aktørane, og vere beste kjelde i alle relevante problemstillingar. Forslaget til ny frekvensstrategi vart introdusert på Frekvensforum 10. september, og no sender PT strategien på høyring.

I strategidokumentet foreslår PT mellom anna at overordna nasjonale breibandsmål og mest mogleg samfunnsnytte skal vere førande for frekvensforvaltinga. Samstundes foreslår PT at hovudprinsippa om fleksible frekvensløyve som kan omsetjast og ei marknadsbasert forvalting skal liggje fast, også i det nye forslaget til frekvensstrategi.

Merknader til strategidokumenta kan sendast til firmapost@npt.no.

Høyringsfristen er 12. oktober 2014.