Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter PT varsler vedtak om reservestrømkapasitet i mobilnett
Sist oppdatert

PT varsler vedtak om reservestrømkapasitet i mobilnett

Mobilnetta har blitt ein særs viktig infrastruktur i dagens samfunn. Hendingar som ekstremvêret Dagmar i jula 2011 illustrerte kor avhengig vi er av tilgjengelege mobiltenester. For å minske sårbarheita ved straumbrot, varslar PT no vedtak om minstekrav til reservestrømkapasitet i mobilnett.

Bruken av mobiltenester har dei seinare åra endra karakter, frå å vere supplement til fasttelefoni, til i stor grad å erstatte bruken av både fasttelefoni og fast Internett-aksess. Dette føreset at robustheita i mobilnetta, inkludert reservestraumkapasiteten, må tilpassast tilsvarande. I dag er reservestraumkapasiteten for dei fleste dekningsområda på mellom ein og fem timar.

Ekomlova krev at tilbydar skal tilby elektronisk kommunikasjonsnett og -teneste med forsvarlig sikkerheit for brukarane i fred, krise og krig. I lys av kor viktig mobilnetta har blitt, meiner PT no at mobilnetta må ha reservestraum med kapasitet for å oppretthalde tenestetilbodet i minst seks timar ved straumbrot. PT varslar difor Telenor Norge, TeliaSonera Norge, Mobile Norway og ICE Norge om vedtak om minstekrav til reservestraumkapasitet i mobilnett. 

Minstekravet er ikkje bestemt ut frå kor lenge strømutfall kan ventast å vare, men basert på at brukarane skal ha rimeleg tid til å kunne førebu seg i ekstraordinære situasjonar med langvarig straumbrot. Dette inkluderer også – og kanskje spesielt – situasjonar som ikkje er av dei mest sannsynlege, som til dømes langvarig straumbrot i byar. 

Kravet vil difor gjelde for heile dekningsområdet til tilbydarens mobilnett, med unntak frå innandørsdekning og dekningsområde der det ikkje er fast busetting eller næringsverksemd. Kravet kan modererast i særskilte tilfelle. Unntaka skal mellom anna hindre konkurransevriding. 

PT legg opp til at tilbydarane skal ha gjennomført vedtaket i løpet av ein femårsperiode, fram til 1.12.2018. Telenor Norge, TeliaSonera Norge, Mobile Norway og ICE Norge har frist til 30. august 2013 på å kommentere på det varsla vedtaket.