Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter PT-direktør Torstein Olsen nytt styremedlem i IRG
Sist oppdatert

PT-direktør Torstein Olsen nytt styremedlem i IRG

Direktøren i Post- og teletilsynet (PT), Torstein Olsen, er valt til nytt styremedlem i Independent Regulators Group (IRG), som er ein felles organisasjon for telekomregulatørane i Europa. Vervet inneber også at Torstein Olsen deltek i styret for BEREC (Body of European Regulators for Electronic Communications). Med dette vervet vil tilsynet følgje arbeidet i det europeiske regulatørarbeidet til dømes innan mobiltelefoni, breiband osb., særleg tett.

Torstein Olsen

Torstein Olsen er 57 år, samfunnsøkonom og vart valt til eitt av fem verv som styremedlem for 2013 i siste veke. Olsen byrja som direktør i PT 1. august 2011 etter lang fartstid som avdelingsdirektør for PT sin avdeling for marknad.

IRG har et tett samarbeid med BEREC, som er eitt rådgivande organ for Europakommisjonen kor tilsyna i EU-landa er medlem. Sidan Noreg ikkje er medlem i EU, er Post- og teletilsynet (PT) observatør i dette forumet.

IRG og BEREC har same styret og Torstein Olsen er ikkje formelt medlem av BEREC sitt styre, men observatør. Styrene vert i 2013 leia av den greske tilsynsdirektøren, medan dei andre styremedlemmane er tilsynsdirektørane frå Austerrike, Belgia, Slovenia og Ungarn.

PT møter til alle plenarmøter i BEREC. PT deltek i og har også leia eigne arbeidsgrupper i regi av BEREC.

- Eg er nøgd med å ha tillit frå dei som vel representantane til styret i IRG og BEREC og ser fram til å få eit endå djupare innsyn i dei sakene som gjeld reguleringa i Europa. Denne verkar og inn på reguleringa i Norge, og ein styreplass er derfor ekstra interessant for oss som norsk styresmakt, seier Torstein Olsen.