Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Programmet for Frekvensforum er klart
Sist oppdatert

Programmet for Frekvensforum er klart

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) inviterer til Frekvensforum 11. september. Kva frekvensbehov vil dei ulike aktørane ha når 5G skal innførast, og kva frekvensressursar vil bli tilgjengelege for aktørane framover? Desse spørsmåla er utgangspunktet for presentasjonar og diskusjon.

Under årets forum vil vi få høyre om utfordringar med forstyrringar på satellittnavigasjonssystem som til dømes GPS. Det blir informasjon om korleis strålinga frå mobilsystem har endra seg når nye mobilteknologiar har blitt teke i bruk, og korleis ein kan nytta frekvensar til trådlaus overvaking av ein persons helsetilstand.

Ny mobilteknologi som er mykje raskare enn dagens mobilnett blir snart rulla ut. Det blir mogleg å kommunisere med langt fleire einingar, og med mykje lågare tidsforseinking enn i dagens mobilnett. Kombinert med kunstig intelligens og «tingenes internett» resulterer dette i den perfekte stormen, blir det hevda. Vi skal få nye tenester i mobilnetta, og vi får høyre kva dette kan nyttas til frå dagens mobiloperatørar, frå industrien, transportsektoren og nye aktørar. Dette vil også gje oss eit innblikk i kva behov for frekvensressursar ein har for å kunne ta i bruk desse nye tenestene.

Viktig ekomforum

Avdelingsdirektør John-Eivind Velure i Nkom inviterer til eit viktig forum for ekom-bransjen og andre interesserte. Frekvensforum arrangeres i Nkom sine lokaler i Lillesand.
- Vi inviterer til Frekvensforum for åttande gong, og ynskjer med dette å gje ekom-bransjen og andre interesserte eit godt fagleg forum for nytt innan forsking, teknologi og tenester, seier avdelingsdirektør John-Eivind Velure i Spektrumsavdelinga i Nkom.

- Både eigne fagfolk og eksterne vil dele av kunnskap og erfaringar, og årets program er svært aktuelt for alle som vil halde seg oppdatert på den rivande utviklinga innan elektronisk kommunikasjon, inviterer Velure.

11. september i Lillesand

Frekvensforum finn stad i Nkom sine lokale i Lillesand 11. september. Programmet startar klokka 10.00 og registreringa opnar klokka 09.30.
Nkom serverer lunsj, og inviterer til sosialt samvær med mat og drikke etter at programmet er ferdig.

Frekvensforum er gratis, men krev påmelding.

Kontakt i Nkom:
Fagleg innhald:
seksjonssjef Bent André Støyva, bst@nkom.no, tlf.: 908 89 955

Praktisk informasjon:
rådgiver Cathrine Solheim, cso@nkom.no, tlf.: 911 30 247