Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Posten under konsesjonskravet for A-post i fjor
Sist oppdatert

Posten under konsesjonskravet for A-post i fjor

Posten har meldt til Post- og teletilsynet (PT) at dei leverte 83,5 prosent av A-posten ”over natta“ i 2010. Dette er under kravet i konsesjonen, som er 85 prosent. Dei andre konsesjonskrava vart fylte med god margin.

Ein værhard haust og vinter, oskeskyen frå Island, vedlikehaldsarbeid på flyplassane i Tromsø, Trondheim og Bergen påverka framføringstida og medverka til at Posten i fjor kom under konsesjonskravet. Eit av dei viktigaste krava i konsesjonen er at A-post skal komme fram ”over natta” i minst 85 prosent av tilfella. Til delar av Nord-Norge og nokre andre område er kravet ”over natta pluss ein dag”.

Sjølv om Posten Norge ikkje fyller konsesjonskravet for A-posten, vel Post- og teletilsynet (PT) å avvente med å gripe inn.

- Berre stengninga av luftrommet etter vulkanutbrotet på Island, gjorde at flypost (A-post) blei forseinka frå ein til tre dagar i heile perioden, seier direktør Willy Jensen i PT.

- Posten Norge kan vanskeleg gjere noko med været og naturkatastrofer i andre land. Vi tar derfor resultat frå fjoråret til etterretning, men kjem sjølsagt til å følgje nøye med i utviklinga framover, avslutter Jensen.

Dei andre konsesjonskrava, som begge vart fylte, gjeld krav til framsending av B-brev og innanlands pakker.