Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Ny frekvensstrategi 2012-2014
Sist oppdatert

Ny frekvensstrategi 2012-2014

PT har utarbeidd ny strategi for frekvensforvalting for perioden 2012-2014. Hovudprinsippa i forvaltinga ligg fast, men PT planlegg også auka lengd på spektrumsløyve og førebur innføring av kognitiv radio.

Hovudprinsippa ligg fast

Hovudprinsippa om ei brukarorientert frekvensforvalting vert vidareført i den komande strategiperioden. Den brukarorienterte modellen gjev brukaren stor grad av fridom til sjølv å velje kva frekvensane skal nyttast til. PT meiner at modellen bidreg til å oppfylla målet om effektiv bruk av frekvensressursane. Den brukarorienterte modellen inneber mellom anna teknologinøytrale frekvensløyve, som også legg til rette for innovasjon.

Auka lengd på spektrumsløyva

Mange av spektrumsløyva vert nytta til å produsere tenester som krev langsiktige investeringar i nett med stor infrastruktur og dekning. Samstundes gjer teknologinøytrale vilkår at det sjeldan er behov for styresmaktene til å gripe inn og endre frekvensbruken på eksisterande løyve. Til saman talar dette for å gje spektrumsløyve med monaleg lengd. Konkret vil PT i komande strategiperiode tildele spektrumsløyve med lengd på 25 år eller meir.

Kognitiv radio og annan sekundær bruk

Auka lengd på spektrumsløyve, og der løyva berre vert nytta til primærtenester, kan føra til at frekvensane ikkje vert utnytta så effektivt som mogleg. For å motvirke dette, og for å leggje til rette for innovative tenester, vil PT i nye spektrumsløyve ta inn ei føresegn som legg til rette for at kognitiv radio kan tilletast på sekundær basis. Sekundær basis tyder at frekvensbruken ikkje har krav på vern og ikkje kan føra til forstyrringar for primærbrukarane.

Eksponering for radiofrekvente felt

Dei seinaste åra har tala på spørsmål knytt til eksponering for radiofrekvente felt auka. PT vil halde fram med å gjennomføre målingar for å verifisere at nivåa ligg under dei offisielle grenseverdiane som gjeld i Noreg. PT vil også ta initiativ til ei arbeidsgruppe som skal vurdere tryggleiksavstandar og eventuell merking av sendarinstallasjonar knytt til eksponering som kan overstige grenseverdiane. Vi vil også leggje ut meir informasjon på www.finnsenderen.no.

Merknader til strategidokumenta kan sendast til firmapost@npt.no.