Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Noregs fyrste 5G-auksjon har starta
Sist oppdatert

Noregs fyrste 5G-auksjon har starta

I dag 3. juni har Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) starta auksjonen kor budgjevarane kan sikre seg viktige 5G-frekvensressursar for dei neste 20 åra.

Frekvensressursane i 700 MHz-bandet er viktige for å få på plass neste generasjon mobilteknologi (5G) i Noreg. Frekvensressursane vil vere tilgjengelege frå 1. november 2019. I auksjonen skal Nkom òg tildele viktige ressursar i 2,1 GHz-bandet.

- 700 MHz-bandet vil gje betre dekning og kapasitet i mobilnetta, og eit av måla med auksjonen er betre mobildekning langs viktige veg- og togstrekningar, seier John-Eivind Velure, avdelingsdirektør i Nkom.

For fyrste gong er det mogleg med utsett betaling av deler av auksjonsprisen, men då må tilbydarane forplikte seg til å investere 250 millionar kroner i ny og betre dekning dei neste to åra.

Nkom offentleggjer resultata når auksjonen er ferdig.

Meir informasjon om auksjonen finn du på Nkoms nettsider.