Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter No kan du bruke e-skjema for kringkasting
Sist oppdatert

No kan du bruke e-skjema for kringkasting

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har lansert elektronisk skjema for søknad om sendarløyve til å bruke frekvensar til kringkastingsnett. Dette vil gjere det enklare å søkje og redusere sakshandsamingstida.

Elektronisk skjema for søknad om frekvensar til kringkasting er no tilgjengeleg for brukarane. Bruk av e-skjema vil vere med på å redusere handsamingstida for søknader og Nkom oppmodar til at e-skjema vert nytta. Det vil likevel framleis vere mogleg å nytte manuelle søknadsskjema i nokre månader framover.

E-skjema kan nyttast for søknader om sendarløyve for kringkasting av analog og digital radio. Søknader om spektrumsløyve er ikkje omfatta av e-skjemaløysinga.

Søkjarar for FM-radio er avgrensa etter Meld. St. 24 som inneheld Kulturdepartementets konklusjon om kva kategoriar av lokalradioar som skal ha høve til å fortsette på FM.

Dei som søkjer om frekvensar til midlertidig bruk av trådlase mikrofonar (ved diverse arrangement), må framleis nytte manuelle søknadsskjema.

Skjema