Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Nkom vil kartleggje omfanget av verksemder som kan vere autorisasjonspliktige
Sist oppdatert

Nkom vil kartleggje omfanget av verksemder som kan vere autorisasjonspliktige

Det er viktig at verksemder som installerer eller held ved like elektroniske kommunikasjonsnett (ekomnett) er autoriserte og kvalifiserte for arbeidet dei gjer.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har tilsyn med elektroniske kommunikasjonsnett (ekomnett) i Noreg. 

Over 1000 kan mangle autorisasjon

- Me har indikasjonar på at det finst meir enn tusen verksemder som skulle hatt autorisasjon frå Nkom som ikkje har det i dag, seier seksjonssjef Camilla Broch Pedersen i Nkom.

For å sikre at ekomnett tilfredsstiller krava til elektrisk sikkerheit, elektromagnetisk kompatibilitet og bruker riktige frekvensar, vil Nkom no følgje opp uautoriserte verksemder tettare.

- Intensjonen med å ha reglar for verksemder som installerer eller held ved like samankoplingar av ekomnett, er å sørgje for at arbeidet vert utført forsvarleg og i tråd med dei faglege krava, seier Pedersen.

Nkom sender varsel

- Dei verksemdene vi kartlegg vil få eit varsel med krav om å autorisere seg eller slutte med aktivitet dei ikkje er autoriserte for. Nkom vil føre fleire tilsyn i framtida, seier Pedersen.

Det er viktig at nye aktørar og bransjar som tradisjonelt ikkje har jobba med ekomnett følgjer ekomregelverket. Skilnaden mellom ekom- og el-installasjonar er i ferd med å forsvinne grunna ny teknologi. Dei fleste ekom- og el-installasjonar kan i dag overføre både kommunikasjonssignal og straum.

- Samfunnet vert stadig meir avhengig av at ekomnett alltid fungerer. Verksemder som gjer arbeid som krev autorisasjon må derfor innrette seg etter ekomregelverket og sørgje for at dei vert autoriserte, seier Pedersen.

Les meir om autorisasjonsordninga her.