Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Nkom presenterer ekomstatistikken for 2017
Sist oppdatert

Nkom presenterer ekomstatistikken for 2017

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) inviterer til pressekonferanse om den norske marknaden for elektronisk kommunikasjon 2017. Pressekonferansen er på Thon Hotel Opera i Oslo, onsdag 23. mai kl. 10.00.

Direktør Elisabeth Aarsæther legg fram utvalde tal og analyser, og kommenterer utviklinga mellom anna i marknadene for mobiltelefoni, breiband og kringkasting.

Pressekonferansen vil bli strøymt. Meir informasjon om dette vil bli gitt på Nkom.no før pressekonferansen startar.