Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Nkom har fastsett forskrift om koordinering og bruk av satellittinnmelding
Sist oppdatert

Nkom har fastsett forskrift om koordinering og bruk av satellittinnmelding

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har i haust gjennomført offentleg høyring av ny forskrift om koordinering og bruk av satellittinnmelding. Nkom har gjort nokre justeringar i forskrifta basert på høyringsinnspela. Forskrifta er no fastsett og gjeld frå 1. januar 2018.

Frekvens- og satellittbaneressursar som vert brukt til satellittkommunikasjon vert forvalta av Den internasjonale teleunionen (ITU). Innmelding av satellittsystem til ITU må gjerast av dei ulike statane, og det er Nkom som gjer dette på vegne av Noreg. Dei siste åra har Nkom registrert ei stadig større interesse for å melde inn satellittsystem til ITU gjennom Noreg og det er difor eit behov for å regulere krava til førespurnaden om innmelding og innmeldingsprosessen. Den nye forskrifta vidarefører i stor grad allereie etablert praksis. Forskrifta fastset mellom anna krav til satellittoperatørar som vil sende inn ei satellittinnmelding via Noreg, krav til førespurnaden, og til bruken av satellittinnmeldingar.