Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Nkom har fastsett endringar i fribruksforskrifta
Sist oppdatert

Nkom har fastsett endringar i fribruksforskrifta

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) gjennomførte i tidsrommet 18. september til 9. november 2015 offentleg høyring av forslag til endringar i fribruksforskrifta. Nkom har vurdert høyringssvara og har på bakgrunn av desse gjort enkelte justeringar i forslaget til forskrift. Endringane trer i kraft straks.

Forskrifta som Nkom i dag har fastsett, endrar fribruksforskrifta. Endringane gjeld tekniske vilkår, utviding av gjeldande frekvensband og avsetting av nye frekvensband til mellom anna kortdistansekommunikasjonsutstyr, ultrabreibandsutstyr, handhaldt mobilradio, trådlause mikrofonar og RFID-utstyr.

Nkom har teke omsyn til innspel i høyringsrunden, og nokre av endringane avvik difor frå forslaget som vart sendt på høyring.

  • I § 5 fyrste ledd vert det presisert at i frekvensbanda 73,625-75,875 GHz / 83,625-85,875 GHz til bruk for punkt-til-punkt radiolinje skal radioutstyr og antenner vere i samsvar med harmoniserte standardar i ETSI EN 302 217-serien. 
  • Bruken av ordet "modelluftfartøy" vert fjerna i fleire paragrafar og vert erstatta med "modellfly". Paragrafane dette gjeld er 31, 31b, 33, 34 og 36. "Modellfly" er eit mykje brukt omgrep i fagmiljøet og inneber ingen endring av rettshøvet.

Høyringsinnspel om å fjerne frekvensbandet 1400-1427 MHz frå forskrifta av omsyn til anna lovleg frekvensbruk i bandet har Nkom ikkje teke omsyn til. Nkom legg til grunn at eksisterande frekvensbruk i 1400-1427 MHz er i overeinskomst med vilkåra i forskrifta som òg er europeisk harmoniserte.