Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Møte i ECC – PT inviterer til innspel
Sist oppdatert

Møte i ECC – PT inviterer til innspel

Post- og teletilsynet følgjer opp frekvensforum med å invitere til innspel i forkant av ECC-møtet i slutten av oktober.

Under frekvensforum tidligare i haust, la Post- og teletilsynet (PT) fram planar for eit meir aktivt samarbeid med bransjen i det internasjonale harmoniseringsarbeidet.
Eitt av tiltaka er å invitere til innspel før større møte, sånn at aktørane kan ytre seg om kva PT bør vere særleg merksam på. Det neste møtet i CEPTs Electronic Communications Committee (ECC) finn stad i Vilnius 30. oktober til 2. november. Utkast til agenda er no publisert og dokumenta til dei ulike agendapunkta vert gjort tilgjengelege på nettsida til ECC. Dokumenta er tilgjengelege for alle og du treng ikkje brukarnamn og passord for å laste dei ned. Direkte lenke til dokumenta.

Dei viktigaste sakene

Det er mogleg å kome med innspel til alle sakene på agendaen, men vi gir her ei kort oversikt over dei sakene vi trur vert viktigast under dette møtet.

Punkt 5 – ECC-avgjerder
Til møtet er det fire ECC-avgjerder som ligg føre. Det er venta at desse vert vedtekne. Spesielt relevant og aktuelt for Noreg er den nye avgjerda for 2 GHz-bandet. Dei tekniske vilkåra i frekvensløyva i Noreg vil vere basert på denne avgjerda, og PT planlegg for tida auksjon av desse frekvensane. 

Punkt 6 – Rapportar som svar på mandat frå EU-kommisjonen
Det er venta at ECC-delegatane vert samde om å sende tre rapportar på høyring. Alle rapportane er utkast til svar på tre ulike mandat frå EU-kommisjonen. 

Punkt 9 – nye ECC-leveransar under utarbeiding og nye arbeidsoppgåver for undergruppene
Her er det fleire punkt som kan vere av interesse for norske aktørar:

  • 9.1 – kognitiv radio og bruk av kvite område

  • 9.4 – revisjon av ECC-avgjerda som regulerer mobilkommunikasjon på skip

  • 9.6 – revisjon av ECC-avgjerda som regulerer bruken av banda 900 MHz og 1800 MHz

  • 9.7 – studium av tekniske vilkår for frekvensbandet 3400-3800 MHz

  • 9.9 – ny regulering for 1452-1492 MHz ("L-bandet")

  • 9.10 – ny regulering for mobile og faste radiotenester i bandet 2300-2400 MHz

Innspel

For at PT skal vere best mogleg budd til møtet, treng vi innspel så tidlig som mogleg og seinast torsdag 25. oktober. Du kan sende innspel til jev@npt.no og gjs@npt.no. Merk e-posten med "ECC-møtet – [firmanamn]".