Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Møte i ECC - PT inviterer til innspel
Sist oppdatert

Møte i ECC - PT inviterer til innspel

Komande møte i CEPTs Electronic Communications Committee (ECC) finn stad i Cluj i Romania 11.-14. mars. Utkast til agenda er no publisert og Post- og teletilsynet ber om innspel innan 6. mars.

Dokumenta til dei ulike agendapunkta vert gjort tilgjengelege på ECC si nettside. Dokumenta er tilgjengelege for alle og du treng ikkje brukarnamn og passord for å laste dei ned.

Dei viktigaste sakene

Det er mogleg å kome med innspel til alle sakene på agendaen, men vi gir her ei kort oversikt over dei sakene vi trur er viktigast på dette møtet.

Punkt 5 – ECC-avgjerder
Til møtet er det to ECC-avgjerder som ligg føre, begge er reviderte avgjerder. Det er venta at desse vert vedtekne. Desse avgjerdene gjeld:

  • Harmonised frequency arrangements for mobile/fixed communications networks (MFCN) operating in the bands 3400-3600 MHz and 3600-3800 MHz (ECC/DEC/(11)06)
  • Mobile Communication on board Aircraft (ECC/DEC/(06)07)

Punkt 6 – Rapportar som svar på mandat frå EU-kommisjonen
Det er to saker som skal drøftast på ECC-møtet:

  • Tilbakemelding til EU-kommisjonen på studiar som har vorte gjennomført for banda 1900-1920 MHz og 2010-2025 MHz
  • Godkjenning av førebels rapport som svar på 5 GHz-mandatet

Punkt 7 – Studium for frekvensbandet 470-694 MHz
ECC har oppretta gruppa "Task Group 6 (TG 6)" som skal arbeide med ein langsiktig strategi for dette frekvensbandet. Arbeidet skal etter planen fullførast i løpet av 2014. TG 6 vil rapportere om arbeidet så langt.

Punkt 8 – Status for arbeidet med kommisjonsmandatet om 700 MHz-bandet

Punkt 9 – nye ECC-leveransar under utarbeiding og nye arbeidsoppgåver for undergruppene

  • 9.1 – Grensekoordinering for 700 MHz-bandet
  • 9.2 – Licenced Shared Access i 2300-2400 MHz 
  • 9.6 – Uønska utstråling frå mobilterminalar i bandet 863-870 MHz
  • 9.8 – Resultat frå undersøkinga om dekningsforpliktingar, diskusjon om vidare arbeid

Innspel

For at PT skal vere best mogleg budd til møtet treng vi innspel så tidlig som mogleg og seinast i løpet av torsdag 6. mars. Du kan sende innspel til jev@npt.no og gjs@npt.no. Merk e-posten med "ECC-møtet i Cluj – [firmanamn]".