Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Møte i ECC - PT inviterer til innspel
Sist oppdatert

Møte i ECC - PT inviterer til innspel

Komande møte i CEPTs Electronic Communications Committee (ECC) finn stad i Toulouse 18.-21. juni. Utkast til agenda er no publisert og Post- og teletilsynet ber om innspel innan 13. juni.

Komande møte i CEPTs Electronic Communications Committee (ECC) finn stad i Toulouse 18.-21. juni. Utkast til agenda er no publisert og PT ber om innspel innan 13. juni. Dokumenta til dei ulike agendapunkta vert gjort tilgjengelege på nettsida til ECC. Dokumenta er tilgjengelege for alle og du treng ikkje brukarnamn og passord for å laste dei ned.

Agenda

Det er mogleg å kome med innspel til alle sakene på agendaen, men det er dei sakene som er i startfasen eller som er under arbeid der PT vil ha størst nytte av innspela. I saker som er ferdighandsama av undergruppene vil det vere vanskelegare å påverke utfallet. Det er likevel nyttig for PT å få innspel på om Noreg bør implementere nye avgjerder som ligg føre til møtet.

Av dei viktigaste sakene denne gong vil vi spesielt trekkje fram følgjande:

  • Punkt 4 – ECC-avgjerder
  • Punkt 5 – Rapportar som svar på mandat frå EU-kommisjonen
  • Punkt 6 – Rapport frå korrespondansegruppa som har sett på langsiktig strategi for frekvensbandet 470-790 MHz
  • Punkt 7 – Statusrapport for arbeidet med kommisjonsmandatet for 700 MHz-bandet

Innspel

For at PT skal vere best mogleg budd til møtet treng vi innspel så tidlig som mogleg og seinast i løpet av torsdag 13. juni. Du kan sende innspel til jev@npt.no og gjs@npt.no. Merk e-posten med "ECC-møtet i Toulouse – [firmanamn]".