Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Kunngjering av motteken søknad om spektrumsløyve i frekvensområdet 156 til 164 MHz
Sist oppdatert

Kunngjering av motteken søknad om spektrumsløyve i frekvensområdet 156 til 164 MHz

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har motteke ein søknad om nasjonalt spektrumsløyve på 6 dupleks (2 x 25 kHz) kanalar og 4 simpleks 25 kHz kanalar i frekvensområdet 156 MHz til 164 MHz. Frekvensområdet vil ikkje kunne tildelast samanhengande. Konkurrerande søknader må vera mottekne av Nkom innan 10. mai kl. 12.00.

Frekvensbandet 156-164 MHz er i norsk frekvensplan allokert til mellom anna mobile tenester.

Geografisk verkeområde

Løyvet er for bakkebasert bruk av frekvensane i Noreg ut til 12 nautiske mil frå grunnlinja unnateke Svalbard, Jan Mayen og Bilanda.

Beskyttelse av viktige maritime frekvensar

Frekvensområdet er nær dei maritime VHF-frekvensane. Det kan bli stilt krav om koordinering av frekvensbruken med f.eks Nkom eller andre som administrerer maritime frekvensar for å sikre at dei maritime frekvensane ikkje blir forstyrra.

Sal/utleige

Dei som får tildelt nasjonalt frekvensløyve kan søkje Nkom om å overdra løyvet, jf. ekomlova § 6-5. Innehavar av løyvet kan også leige ut frekvensressursane.

Varigheit

Løyvet vil i utgangspunktet gjelde frå og med 1. juni 2017 til og med 31. desember 2027.

Sektoravgift

Ny forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit vart sett i kraft 20. mars 2017. Forskrifta erstattar forskrift av 1. februar 2005 nr. 168 om gebyr til Post- og teletilsynet. Iverksetjing av ny forskrift inneber at gebyr for spektrumsløyve no er erstatta av sektoravgift.

Innehavar av spektrumsløyve skal betala årleg sektoravgift til Nkom for frekvensløyve etter ekomlova § 12-1 og forskrift 20. mars 2017 nr. 386 om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (forskrift om sektoravgift og gebyr til Nkom).

Estimert sektoravgift for året 2017 for eit løyve til bruk av 6 x (2 x 25 kHz) og 4 x 25 kHz i dette frekvensbandet er ca. 118 000 kroner.

Frist for innsending av konkurrerande søknader

For å gje alle interesserte partar høve til å søke om ledige frekvensar i dette bandet, ber vi om at konkurrerande søknader vert sende til Nkom.

Søknaden må være motteken av Nkom innan 10. mai 2017 kl. 12.00. Søknader som kjem inn etter at fristen er gått ut eller som ikkje inneheld bankgaranti vil bli avvist.

Søknadsprosess

Krav til søknaden

Søknaden må vera skriftleg og må innehalde informasjon om:

  • Søkjarens namn, adresse og organisasjonsnummer
  • Kontaktperson (namn, telefonnummer og e-post)
  • Oversikt over kva for frekvensar det vert søkt om
  • Saman med søknaden må søkjaren levere inn ein bankgaranti pålydande 50.000 – femtitusen – kroner, jf. sjå nærare om kravet til bankgaranti under

Innsending av søknad

Søknaden med tilhøyrande bankgaranti skal merkast:
"Søknad nasjonalt spektrumsløyve i frekvensområdet 156 til 164 MHz"
og sendast til:

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
Att: Tarjei Austegard
Postboks 93,
4791 Lillesand

Søknaden og bankgarantien kan også leverast på fylgjande adresse:

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
Att: Tarjei Austegard
Nygård 1
4790 Lillesand

Om søknaden vert sendt med bod eller vert levert personleg, må ein seie ifrå til Nkom på førehand. Kontakt Tarjei Austegard, på e-post (tau@nkom.no) eller på telefonnummer +47 22 82 47 41, eller Svend Albert Toft, på e-post (sat@nkom.no) eller på telefonnummer +47 22 82 46 23.

 

Nærare om kravet om bankgaranti

Bankgarantien skal være ein "on first demand" garanti. Kravet om bankgaranti gjeld for alle søknadar, også for allereie mottekne søknader, dersom det vert overskotsetterspurnad. Nkom vil då krevje bankgaranti frå den opphavlege søkjaren.

Bankgarantien skal innehalde same tekst som i malen til Nkom for bankgarantiskjema som ein finn i kolonna til høgre under "Relaterte dokument". Søkjar kan bruke malen til Nkom for bankgarantiskjema. Nkom tillèt også at teksten/ordlyden i malen til Nkom vert teken inn i eit anna bankgarantidokument utferda av banken/finansieringsinstitusjonen. Nkom presiserer at uavhengig av om malen til Nkom eller eit anna bankgarantidokument vert nytta, skal teksten/ordlyden i bankgarantien vere plent den same som i malen til Nkom og ein må ikkje gjere endringar i teksten/ordlyden. Bankgarantien må vere utskrive av ein bank- eller finansieringsinstitusjon heimehøyrande i EØS-området eller Sveits, og skal vere underskrive av banken/finansieringsinstitusjonen.

Bankgarantien skal vere gyldig til og med 10. november 2017.

Nkom vil frigjere garantiane når det ikkje lenger er aktuelt å gjere dei gjeldande.

Berre originale bankgarantidokument vert akseptert.

Tildeling av løyve

Prosedyre for tildeling av spektrumsløyver er publisert på www.nkom.no.

Dersom det ikkje kjem konkurrerande søknader innan fristen, vil spektrumsløyve som varer til 31. desember 2027 kunne tildelast søkjar. Dersom Nkom får søknader på større frekvensressursar enn det som er tilgjengeleg, vil Nkom kunne bestemme at dei tilgjengelege frekvensressursane skal verte tildelt ved auksjon. Ved ein auksjon vil også andre enn dei som allereie har søkt kunne delta. Nkom kan også bestemme at ein skal bruke andre mekanismar enn auksjon for å avgjere tildelinga av frekvensane.

Offentleggjering av informasjon

Dersom søknader inneheld sensitive opplysningar, som til dømes forretningsløyndomar, vil ein kunne gjere heile eller delar av søknaden utilgjengeleg for offentleg innsyn jf. offentleglova og forvaltningslovas reglar. Dette gjeld også for identiteten til føretak som søkjer. Dersom ein ønskjer at heile eller delar av dokumentet skal gjerast utilgjengeleg for offentleg innsyn ber Nkom om at søkjar gjer merksam på dette i søknaden.