Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Kun 8 dagar igjen til Frekvensforum og det er fortsatt nokre ledige plassar
Sist oppdatert

Kun 8 dagar igjen til Frekvensforum og det er fortsatt nokre ledige plassar

Det er fortsatt mogleg å sikre seg ein plass på Frekvensforum som finn stad hos Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) sine lokale i Lillesand 19. september. Nkom inviterer til presentasjonar og diskusjonar om korleis frekvensar kan gje alle breiband, kommunikasjon frå satellittar og korleis kunstig intelligens kan vere med på å endre kvardagen vår.

Meld deg på i dag ved å nytte følgjande lenke: Påmelding til Frekvensforum 2018. Det er ikkje deltakaravgift, men talet på plassar er avgrensa.

Frekvensforum finn stad i Nkom sine lokale i Lillesand onsdag 19. september. Programmet startar frå klokka 10.00 og registreringa startar klokka 09.30. Nkom serverer lunsj, og inviterer til sosialt samvær med mat og drikke etter at programmet er ferdig.

Førebuingane til ITUs radiokonferansen i 2019 (WRC-19) held fram og arrangementet NORWRC vert gjennomført dagen etter Frekvensforum. Påmelding til NORWRC skjer gjennom same lenke som for Frekvensforum. Under førebuingane til radiokonferansen vil mellom anna studiar av nye frekvensband til 5G vere eit viktig tema.

Kontakt i Nkom:

Fagleg innhald Frekvensforum:
fagsjef Espen Slette, esl@nkom.no, tlf.: 480 74 518

NORWRC:
senioringeniør Øyvind Murberg, oym@nkom.no, tlf.: 992 15 321

Det praktiske:
rådgiver Cathrine Solheim, cso@nkom.no, tlf.: 911 30 247