Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Klart for registrering til prioritet i mobilnetta
Sist oppdatert

Klart for registrering til prioritet i mobilnetta

1. juli skal mobilselskapa vere klare for å prioritere taletrafikk frå ekstra viktige mobilnummer i netta. Ordninga med prioritet i mobilnett er berekna på personar i verksemder som har særskilt ansvar for sikkerhet og beredskap. Verksemdene kan no søkje Post- og teletilsynet (PT) om å bli godkjent for å bestille prioritet.

Prioritet i mobilnett er ei ordning som vart vedteken etter stormen Dagmar. Ordninga er dimensjonert for inntil 10.000 brukarar. Desse må ha ein funksjon innan sikkerhet og beredskap, og som er viktig for samfunnet. Om det blir eit kapasitetsproblem i mobilnetta, vil taletrafikk frå desse brukarane vere prioritert. Dette vil vere viktig når det oppstår ein unntakssituasjon, til dømes under kraftig uvêr eller anna som gjer at mobilnetta kan bli overbelasta.

Prioriteten er lagt opp som ein bryteprioritet. Dette vil seie at når ein prioritetsabonnent ringjer ut, vil han bryte andre samtalar dersom dei stengjer for anropet. På den måten vil slike abonnentar kome fremst i køa.

- Endeleg er denne ordninga eit faktum. PT har jobba i mange år for prioritet for dei som har viktige beredskapsfunksjonar i samfunnet, seier direktør Torstein Olsen.
- Heilt sida den tragiske Åsta-ulukka i 2000, har prioritet vore eit tema. No er dei tekniske ordningane på plass. Brukarane får ei ordning som vil legge til rette for at dei skal kunne kommunisere effektivt når det verkeleg gjeld, seier han.

Prioritet i mobilnetta kan berre opprettast på bedriftsabonnement. Dei som har privatabonnement, men som har ei rolle som tilseier at dei bør verte prioritert, må endre abonnementet sitt slik at verksemda blir juridisk eigar.

- Prioritet er eit knapt gode som vi må forvalte klokt. Derfor har vi også valt å avgrense prioritet til verksemder som har ei viktig beredskapsrolle i samfunnet.

Frå 1. juli kan verksemder søkje om godkjenning hos PT. Dette må ein gjere via Altinn.no. Når verksemda er godkjent, må verksemda sjølv bestille prioritetsabonnement hos mobilselskapet som ein vil bruke.

Mobilselskapa har høve til å dekkje inn kostnadane sine gjennom høgare prisar på prioriterte abonnement. PT ventar likevel ikkje at prioriterte abonnement blir mykje dyrare enn eit vanleg.

Les meir om ordninga her.