Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Høyring av forskrift om koordinering og bruk av satellittinnmelding (satellittinnmeldingsforskrifta)
Sist oppdatert

Høyring av forskrift om koordinering og bruk av satellittinnmelding (satellittinnmeldingsforskrifta)

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) legg fram utkast til forskrift om koordinering og bruk av satellittinnmelding (satellittinnmeldingsforskrifta) til offentleg høyring. Frist for innspel er 1. november 2017.

Ekomlova § 6-6 fyrste ledd gir myndigheita rett til å gjennomføre satellittinnmeldingar til ITU på opne, objektive, transparente og ikkje-diskriminerande vilkår. Det fylgjer av ekomlova § 6 6 andre ledd at myndigheita, her Nkom, kan gje forskrift om krav til førespurnad om innmelding og til innmeldingsprosessen.

I forskrifta foreslår Nkom mellom anna å fastsette krav til førespurnaden, krav til satellittoperatørane som vil melde inn eit satellittsystem til ITU gjennom Noreg, og krav til bruken av satellittinnmeldingar.

Innspel sendast til firmapost@nkom.no med kopi til kristina.mari.rognmo@nkom.no innan høyringsfristen 1. november 2017.

Om publisering av høyringsinnspel

Nkom publiserer høyringsinnspel. Vi ber difor høyringsinstansane om å utforme svara slik at dei kan gjerast offentlege. I den grad eit høyringsinnspel inneheld opplysningar som etter høyringsinstansens vurdering ikkje skal gjerast offentleg kjent, ber Nkom om at dette vert gjort tydeleg.

Dokumenter

Høyringssvar med merknader

Høyringssvar uten merknader