Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Frekvensstrategi for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
Sist oppdatert

Frekvensstrategi for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har i dag publisert ny frekvensstrategi for perioden 2015-2016. Frekvensstrategien byggjer på Nkoms hovudstrategi og har som hovudmål at Nkom er oppdatert på utviklinga, legg offensivt til rette for aktørane og er beste kjelde i saker om frekvensforvalting.

Frekvensforvaltinga i Noreg skal innrettast slik at ho bidreg til størst mogleg samfunnsnytte over tid. Nkom meiner at få restriksjonar, få administrative byrder og innblanding frå myndigheitene berre når det er naudsynt, vil bidra til at frekvensbruken gir størst mogleg samfunnsnytte over tid. Frekvensforvaltinga skal i utgangspunktet setje rammevilkåra og elles gi bransjen færrast moglege byrder gjennom enkle prosessar, enkel informasjonstilgang og hurtig tildeling av frekvensar. Nkom meiner at dette vil føre til innovasjon og hurtig introduksjon av nye tenester, med betydelege samfunnsgevinstar som forventa resultat.

Utkast til frekvensstrategi vart presentert på Frekvensforum i september 2014 og deretter sendt på høyring med høyringsfrist 12. oktober. Det kom inn fire høyringsinnspel og desse kan lesast her. Nkom har valt å gjere enkelte justeringar på bakgrunn av innspela, og dei viktigaste justeringane er:

  • Mål om at frekvenstildelingar som involverer eksisterande løyve er gjennomført seinast to år før løyva går ut. Opphavleg forslag la opp til eitt år.
  • Frekvensbandet 470-790 MHz vert eitt av fokusområda i strategien. Frekvensbandet er eitt av dei mest diskuterte i internasjonal samanheng og Nkom vil arbeide for ei tidlig avklaring på vidare bruk av bandet for å sikre føreseielege vilkår for aktørane.

Nkoms frekvensstrategi kan lastast ned her.