Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Frekvensforum 9. september i Lillesand
Sist oppdatert

Frekvensforum 9. september i Lillesand

Nkom inviterer til Frekvensforum i Lillesand 9. september. Tema blir mellom anna frekvensar til tingas Internett, trådlaust breiband til alle, frekvensauksjonar og korleis mediekvardagen kan sjå ut i 2021.

Dette er fjerde gongen Frekvensforum vert arrangert. Hovudtema i år vert korleis ein skal klare å nå målsetnadene om skikkeleg breiband i heile landet, og då særskilt om kva rolle frekvensane skal spele. Vi får både innlegg frå tradisjonelle mobilaktørar og utfordrarar.

Stadig fleire «ting» skal kommunisere med kvarandre over Internett, og i Noreg utviklar vi verdsleiande radioteknologi som vert nytta når ting skal koplast til Internett. Kva utfordringar står vi framfor når milliardar av trådlause ting skal nytta dei same avgrensa frekvensresursane i ikkje-lisensierte frekvensband?
Nkom vil òg gje ei oppdatering om auksjonane i 900 MHz- og 1800 MHz-bandet. Mediekvardagen er i stadig endring og kva er status i Noreg rundt 2021 når gjeldande konsesjonsperiode for bakkenett for fjernsyn går ut, er også eitt av spørsmåla vi skal innom under forumet. Det ferdige programmet vert publisert i august.

Frekvensforum er ein treffstad for aktørar i frekvensmarknadane i Noreg, og for aktørar som er opptekne av utviklinga i desse marknadene. Forumet varer frå klokka 10 til 16.30. Nkom vil servere lunsj og inviterer også til sosialt samvær og ein matbit etter at det faglige programmet er over. Vi avsluttar ca. klokka 19.

Frekvensforum er eit gratis tilbod og ein kan melda seg på her. Talet på plassar er avgrensa.

NORWRC 10. september

Dagen etter Frekvensforum vert det møte i gruppa som arbeider med dei nasjonale førebuingane til radiokonferansen i 2015 (WRC-15). Dette vert siste NORWRC før radiokonferansen, og siste moglegheit for å påverke dei norske haldningane til dei forskjellige agendapunkta. Spesielt forslag til agenda for neste WRC skal diskuterast. Nkom oppmodar dermed alle aktørar under Frekvensforum til òg å delta på NORWRC.

Meir informasjon om dette møtet finn du her. Påmelding til NORWRC gjer du gjennom å nytte same lenke som for Frekvensforum.

NORWRC startar klokka 09.30 og avsluttast klokka 14.30. Nkom serverer lunsj.

Kontakt i Nkom

Fagleg innhald Frekvensforum:
fagsjef Espen Slette, esl@nkom.no, tlf.: 480 74 518

Fagleg innhald NORWRC:
senioringeniør Anton Johan Bolstad, ajb@nkom.no, tlf.: 994 81 482

Det praktiske:
førstekonsulent Cathrine Solheim, cso@nkom.no, tlf.: 911 30 247