Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Frekvensforum 7. september i Lillesand
Sist oppdatert

Frekvensforum 7. september i Lillesand

Nkom inviterer til Frekvensforum i Lillesand 7. september. Tema blir mellom anna neste generasjon mobile nettverk og deira behov for frekvensressursar, korleis ein kan dekke naud- og beredskapsbrukaranes behov for mobilt breiband og vi får svaret på kva for ein mobiltelefon som gir best dekning.

Eit hovudtema i år vert korleis ein skal klare å få skikkeleg mobilt breiband til naud- og beredskapsbrukarar, og då særskilt om kva rolle tildeling av  frekvensane skal spele. Vi får innlegg frå mobiloperatørar, Forsvaret og Direktoratet for naudkommunikasjon.

Mobiloperatørane har harmonisert dekningskarta, men sjølv om dekningskarta indikerer at dekninga er god kan det hende at ein ikkje får nytta telefonen. Kva rolle spelar val av mobiltelefon for kor god dekninga blir? Vi presenterer resultat frå fersk undersøking.

Nkom vil òg gje ei oppdatering på tildelinga av frekvensressursar i 700 MHz-bandet, på dei viktigaste resultata frå radiokonferansen (WRC-15) og ser på arbeidet mot radiokonferansen i 2019. Det endelege programmet vert publisert i august.

Frekvensforum er ein treffstad for aktørar i frekvensmarknadane i Noreg, og for aktørar som er opptekne av utviklinga i desse marknadene. Forumet varer frå klokka 10 til 16.30. Nkom vil servere lunsj og inviterer også til sosialt samvær og ein matbit etter at det faglige programmet er over. Vi avsluttar ca. klokka 19.

Frekvensforum er eit gratis tilbod og ein kan melde seg på her. Talet på plassar er avgrensa.

Kontakt i Nkom

Fagleg innhald Frekvensforum:
underdirektør Espen Slette, esl@nkom.no, tlf.: 480 74 518

Det praktiske:
førstekonsulent Cathrine Solheim, cso@nkom.no, tlf.: 911 30 247