Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Frekvensforum 2016 - programmet er klart
Sist oppdatert

Frekvensforum 2016 - programmet er klart

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) inviterer til Frekvensforum 7. september, og påmeldinga er open. Det blir presentasjonar og diskusjonar om neste generasjon mobile nettverk (5G), korleis ein kan gje naud- og beredskapsbrukarane mobilt breiband, og vi får vite kva for ein mobiltelefon som gir best dekning.

Huawei, Telia og Telenor fortel om kva ein kan forvente av neste generasjon mobile nettverk (5G). Vi får høyre frå Direktoratet for naudkommunikasjon, Forsvarsmateriell og den britiske mobiloperatøren Everything Everywhere om korleis ein kan dekke naud- og beredskapsbrukaranes behov for mobilt breiband. I tillegg vil Nkom mellom anna oppdatere om tildelinga av frekvensressursar i 700 MHz-bandet, og sjå framover mot arbeidet med radiokonferansen i 2019 (WRC-19).

I tillegg fortel ICE om utfordringane med interferens og støy i mobilnetta og Nkom presenterer resultata frå ei fersk undersøking som gir svaret på kva for ein mobiltelefon som gir best dekning.

Frekvensforum er ein treffstad for aktørar i frekvensmarknadane i Noreg, og for aktørar som er opptekne av utviklinga i desse marknadene. Du som ikkje allereie har meldt deg på kan gjere dette innan 2. september.

Det er ikkje deltakaravgift, men talet på plassar er avgrensa.

Frekvensforum finn stad hos Nkom i Lillesand 7. september. Programmet varer frå klokka 10.00 til 16.30, registreringa startar klokka 09.30. Nkom serverer lunsj, og inviterer til sosialt samvær med mat og drikke etter at programmet er ferdig.

Presentasjonar frå Frekvensforum 2016