Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Frekvensforum 2015 - programmet er klart
Sist oppdatert

Frekvensforum 2015 - programmet er klart

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) inviterer til presentasjonar og diskusjonar kring tema som tingas Internett, trådlaust breiband til alle, frekvensauksjonar og korleis mediekvardagen kan sjå ut i 2021. Meld deg på i dag!

TeliaSonera, Telenor og Aruba Networks fortel om korleis ein kan sikre mobildekning i heimen. Vi får høyre frå Texas Instruments korleis eit lite land som Noreg kan vere verdsleiande i utviklinga av tingas Internett og NRK og Digitalradio Norge vil gje oss innblikk i korleis morgondagens mediekvardag kan sjå ut. I tillegg vil Nkom mellom anna gje oppdateringar på kommande frekvensauksjonar og fortelje om forstyrringar i mobilnetta.

Du som ikkje allereie har meldt deg på kan gjere dette innan 1. september: Påmelding til Frekvensforum 2015 / NORWRC. Det er ikkje deltakaravgift, men talet på plassar er avgrensa.

Frekvensforum finn stad i Nkom sine lokale i Lillesand 9. september. Programmet varer frå klokka 10.00 til 16.30, registreringa startar klokka 09.30. Nkom serverer lunsj, og inviterer til sosialt samvær med mat og drikke etter at programmet er ferdig.

Siste NORWRC før WRC-15 vert gjennomført dagen etter Frekvensforum, og påmelding til NORWRC skjer gjennom same lenke som for Frekvensforum. På NORWRC vert agenda for WRC-19 og spesielt kandidatband for 5G viktige tema.

Presentasjonar frå Frekvensforum 2015

 

Kontakt i Nkom

Fagleg innhald Frekvensforum:
fagsjef Espen Slette, esl@nkom.no, tlf.: 480 74 518

Fagleg innhald NORWRC:
senioringeniør Anton Johan Bolstad, ajb@nkom.no, tlf.: 994 81 482

Det praktiske:
førstekonsulent Cathrine Solheim, cso@nkom.no, tlf.: 911 30 247