Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Frekvensforum 20. september i Lillesand
Sist oppdatert

Frekvensforum 20. september i Lillesand

Nkom inviterer og åpner for registrering til Frekvensforum i Lillesand 20. september. Tema blir mellom anna frekvensar til 5G, innovasjon i netta og kva ein kan nytte FM-frekvensane til i framtida. Dagen etter Frekvensforum vil vi arrangere NORWRC.

Eit hovudtema i år vert korleis ein skal leggje til rette for frekvensbehova for neste generasjon mobilnett (5G). Frekvensar er ein avgrensa naturressurs, så korleis kan vi møte det stadig aukande behovet for meir spektrum til mobilt breiband og 5G-tenester og samstundes ta vare på eksisterande tenester? Vi får innspel både frå mobiloperatørar og eksisterande brukarar av frekvensband som er tenkt nytta til 5G.

5G vil gje mange moglegheiter for nye tenester og vi får høyre frå bransjen om korleis 5G vil bidra til innovative nye tenester.

Det nasjonale FM-nettet skal slukkast i løpet av 2017, men kva kan og bør FM-bandet nyttast til i framtida? Korleis kan Noreg gå i front for å leggje til rette for nye tenester i dette bandet? Vi tar diskusjonen på Frekvensforum.

Frekvensforum er ein treffstad mellom anna for dei som er interesserte i radiokommunikasjon og for aktørar  som er opptekne av utviklinga i frekvensmarknadene i Noreg Forumet varer frå klokka 10 til 16.30. Nkom vil servere lunsj og inviterer også til sosialt samvær og ein matbit etter at det faglige programmet er over. Vi avsluttar ca. klokka 19.

Det endelege programmet vert publisert i august.

Arrangementet NORWRC vert gjennomført dagen etter Frekvensforum, og påmelding til NORWRC skjer gjennom same lenke som for Frekvensforum. Meir informasjon om NORWRC og dei norske førebuingane til ITUs radiokonferanse i 2019 finnast her:

https://www.nkom.no/teknisk/frekvens/internasjonalt-arbeid/forberedelser-til-wrc-19

Frekvensforum er eit gratis tilbod og ein kan melde seg på her. Talet på plassar er avgrensa.

Kontakt i Nkom

Fagleg innhald Frekvensforum:
fagsjef Espen Slette, esl@nkom.no, tlf.: 480 74 518

NORWRC:
senioringeniør Øyvind Murberg, oym@nkom.no, tlf.: 992 15 321

Det praktiske:
førstekonsulent Cathrine Solheim, cso@nkom.no, tlf.: 911 30 247