Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Frekvensforum 20. september 2017 - programmet er klart
Sist oppdatert

Frekvensforum 20. september 2017 - programmet er klart

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) inviterer til presentasjonar og diskusjonar om frekvensar til neste generasjon mobile nettverk (5G), naud- og beredskapskommunikasjon i kommersielle nett og tingas internett (IoT). Meld deg på i dag!

Innan 2020 vil dei første 5G-netta sjå dagens lys og fleire titals milliardar einingar vil vere kopla til Internett. Ericsson, Telenor og Norsk Romsenter kjem til Frekvensforum for å diskutere om behovet er størst for meir frekvensressursar til 5G, eller om ressursane best kan nyttast til eksisterande tenester som til dømes satellitt og radioline.

Frekvensforum får høyre frå Telia og Nordic Semiconductor om korleis utstyrsleverandørane og mobilnetteigarane arbeider med framtidas mobilnett og tingas internett, og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap vil drøfte om det er mogleg å dekke behova for mobilt breiband for naud- og beredskapsaktørane i kommersielle nett. I tillegg vil Nkom  mellom anna orientere om tildelinga av frekvensressursar i 700 MHz-bandet.

Du som ikkje allereie har meldt deg på kan gjere dette innan 8. september: Påmelding til Frekvensforum 2017. Det er ikkje deltakaravgift, men talet på plassar er avgrensa.

Frekvensforum finn stad i Nkom sine lokale i Lillesand 20. september. Programmet varer frå klokka 10.00 til 15.45, registreringa startar klokka 09.30. Nkom serverer lunsj, og inviterer til sosialt samvær med mat og drikke etter at programmet er ferdig.

Førebuingane til ITUs radiokonferansen i 2019 (WRC-19) held fram og arrangementet NORWRC vert gjennomført dagen etter Frekvensforum. Påmelding til NORWRC skjer gjennom same lenke som for Frekvensforum. Under førebuingane til radiokonferansen vil mellom anna studiar av nye frekvensband til 5G vere eit viktig tema.

 

Presentasjonar frå Frekvensforum 2017