Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Frekvensforum 19. september i Lillesand
Sist oppdatert

Frekvensforum 19. september i Lillesand

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) inviterer og opnar for påmelding til Frekvensforum i Lillesand 19. september. Tema i år blir mellom anna breiband via satellitt, nye teknologiar som kan endre framtidas frekvensbruk, og så må vi snakke meir om 5G.

Korleis sikre godt breiband til heile befolkninga er eit viktig tema for årets Frekvensforum. På kva måte kan trådlaus teknologi bidra til dette, og vil nye lavbane satellittsystem vere eit alternativ?

Kunstig intelligens og blokk-kjede er teknologiar som vi har høyrt mykje om den siste tida, korleis kan disse teknologiane bidra til meir effektiv frekvensbruk i framtida?

Frekvensforum er ein treffstad for alle som er opptatt av korleis ein utnyttar dei viktige frekvensressursane på best mogeleg måte i Noreg. Forumet varer frå klokka 10 til 16.30. Nkom vil servere lunsj og inviterer også til sosialt samvær og ein matbit etter at det faglige programmet er over. Vi avsluttar ca. klokka 19.

Arrangementet (både fagleg og sosial del) er lagt opp tidsmessig slik at ein har moglegheit til å rekke siste fly frå Kristiansand til Oslo som går klokka 2025.

Det endelege programmet vert publisert i august.

Arrangementet NORWRC vert gjennomført dagen etter Frekvensforum, og påmelding til NORWRC skjer gjennom same lenke som for Frekvensforum. Meir informasjon om NORWRC og dei norske førebuingane til ITUs radiokonferanse i 2019 finnast her: https://www.nkom.no/teknisk/frekvens/internasjonalt-arbeid/forberedelser-til-wrc-19

Frekvensforum er eit gratis tilbod og ein kan melde seg på her. Talet på plassar er avgrensa.

Kontakt i Nkom

Fagleg innhald Frekvensforum:
fagsjef Espen Slette, esl@nkom.no, tlf.: 480 74 518

NORWRC:
senioringeniør Øyvind Murberg, oym@nkom.no, tlf.: 992 15 321

Det praktiske:
rådgiver Cathrine Solheim, cso@nkom.no, tlf.: 911 30 247