Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Frekvensforum 19. september 2018 - programmet er klart
Sist oppdatert

Frekvensforum 19. september 2018 - programmet er klart

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) inviterer til presentasjonar og diskusjonar om korleis frekvensar kan gje alle breiband, kommunikasjon frå satellittar og korleis kunstig intelligens kan vere med på å endre kvardagen vår. Meld deg på i dag!

Regjeringas mål er at alle skal ha eit tilbod om breiband med høg hastigheit, og det skal vere mobildekning der folk ferdast, oppheld seg og bur. På frekvensforum vil vi diskutere korleis frekvensar kan gje breiband til alle og Space Norway og Inmarsat vil fortelja korleis satellittar kan nyttast til å gje dekning i nordområda og på fly.

Telenor og Analysys Mason vil gje oss eit innblikk i korleis 5G og bruk av fast trådlaus breibandsaksess kan vere med å gje dekning i område som er vanskelig å nå med til dømes fiber. Nkom vil informere om tildeling av frekvensressursar til 5G, og Morten Goodwin frå universitetet i Agder vil gje oss eit innblikk i korleis kunstig intelligens kan brukast i elektronisk kommunikasjon.

Du som ikkje allereie har meldt deg på kan gjere dette innan 7. september: Påmelding til Frekvensforum 2018. Det er ikkje deltakaravgift, men talet på plassar er avgrensa.

Frekvensforum finn stad i Nkom sine lokale i Lillesand 19. september. Programmet startar frå klokka 10.00 og registreringa startar klokka 09.30. Nkom serverer lunsj, og inviterer til sosialt samvær med mat og drikke etter at programmet er ferdig.

Førebuingane til ITUs radiokonferansen i 2019 (WRC-19) held fram og arrangementet NORWRC vert gjennomført dagen etter Frekvensforum. Påmelding til NORWRC skjer gjennom same lenke som for Frekvensforum. Under førebuingane til radiokonferansen vil mellom anna studiar av nye frekvensband til 5G vere eit viktig tema.

Presentasjoner

  1. Opningsinnlegg Elisabeth Aarsæther Nkom (PDF, 5,8 MB)
  2. Nytt om spektrum John-Eivind Velure Nkom (PDF, 1 MB)
  3. Global breibandsdekning med satellitt Frode Målen Nkom (PDF, 2,7 MB)
  4. Breiband i nordområda Anton Bolstad Space Norway (PDF, 916 kB)
  5. Breiband på fly Ülar Kaldasaun Inmarsat (ikkje tilgjengeleg)
  6. Vegkart for 5G Rune Bøe Nkom (PDF, 850 kB)
  7. Ein 5G ende-til-ende installasjon Pål Gronsund Telenor (PDF, 1,8 MB)
  8. Dekningsfrekvensar er ikkje kva dei ein gong var Jon Ivar Kroken Analysys Mason (PDF, 555 kB)
  9. Kunstig intelligens i elektronisk kommunikasjon Morten Goodwin UiA (ikkje tilgjengeleg)
  10. Vi ladar opp til NORWRC Øyvind Murberg Nkom (PDF, 1 MB)

Kontakt i Nkom:

Fagleg innhald Frekvensforum:
fagsjef Espen Slette, esl@nkom.no, tlf.: 480 74 518

NORWRC:
senioringeniør Øyvind Murberg, oym@nkom.no, tlf.: 992 15 321

Det praktiske:
rådgiver Cathrine Solheim, cso@nkom.no, tlf.: 911 30 247