Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Frekvensforum 11. september i Lillesand
Sist oppdatert

Frekvensforum 11. september i Lillesand

Nkom inviterer til Frekvensforum i Lillesand 11. september. Tema i år blir frekvensbehov for 5G, komande frekvenstildelingar og stråling frå radiosendarar. Påmeldinga er open.

Årets Frekvensforum vil i stor grad dreie seg om frekvensbehov i samband med innføring av ny teknologi. Vi forsøker å finne ut kva behov ulike aktørar, som til dømes industri og transportsektor, har for eigne frekvensressursar. Nokre land har sett av frekvensressursar til regionale/lokale løyve for neste generasjon mobilnett, og eitt av spørsmåla vi stiller er om vi bør gjere dette i Noreg også.

Frekvensforum er ein treffstad for alle som er opptatt av korleis ein utnyttar dei viktige frekvensressursane på best mogeleg måte i Noreg. Forumet varer frå klokka 10 til 16. Nkom vil servere lunsj og inviterer også til sosialt samvær og ein matbit etter at det faglige programmet er over. Vi avsluttar ca. klokka 19.

Det endelege programmet vert publisert i august.

Frekvensforum er eit gratis tilbod og ein kan melde seg på her. Talet på plassar er avgrensa.

Kontakt i Nkom

Fagleg innhald Frekvensforum:
fagsjef Espen Slette, esl@nkom.no, tlf.: 480 74 518

Det praktiske:
rådgiver Cathrine Solheim, cso@nkom.no, tlf.: 911 30 247