Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Førebuingar til WRC-15
Sist oppdatert

Førebuingar til WRC-15

I samband med arbeidet fram mot World Radiocommunication Conference 2015 ynskjer PT innspel frå bransjen.

NOR-DOC er eit støttedokument for dei norske førebuingane til WRC-15. For kvart agendapunktet er det gjeve ei kort forklaring på kva det dreiar seg om og eit kort referat frå kva som skjedde på sist møte i Conference Preparatory Group (CPG) og i den relevante undergruppa. Dokumentet har også forslag til norsk standpunkt på dei forskjellige agendapunkta. NOR-DOC er eit "levande" dokument som vil verte periodisk oppdatert etter kvart som førebuinga skrid fram.

Den andre runden med møte i CPG og tilhøyrande undergrupper vart fullført i januar 2013. Dei fleste agendapunkt har no ein førebels CEPT Brief med tilhøyrande standpunkt.

PT ynskjer innspel på kva det norske standpunktet bør vere for kvart agendapunkt. Dette gjeld særskilt dei agendapunkt der det kan vere motstridande norske interesser. Eventuelle innspel kan rettast til ajb@npt.no.