Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Førebuingar til WRC-15
Sist oppdatert

Førebuingar til WRC-15

I samband med arbeidet fram mot World Radiocommunication Conference 2015 ynskjer PT innspel frå bransjen.

NOR-DOC er eit støttedokument for dei norske førebuingane til WRC-15. For kvart agendapunktet er det gjeve ei kort forklaring på kva det dreiar seg om og eit kort referat frå kva som skjedde i Conference Preparatory Group (CPG) og i den relevante undergruppa. Dokumentet har også forslag til norsk haldning til agendapunkta. NOR-DOC er eit "levande" dokument som vil verte periodisk oppdatert etter kvart som førebuinga skrid fram.

Den første runden med møte i CPG med undergruppene er gjennomført og på enkelte agendapunkt har ein allereie kome fram til ei førebels standpunkt i CEPT.

PT ynskjer innspel på kva den norske haldninga bør vere for kvart agendapunkt. I tillegg ber vi om ytterligare informasjon på enkelte agendapunkt. Vi set ingen frist for innspel, men vi vil påpeike at PTD (AI 1.1 og 1.2) har møte 14.-17. januar 2013 og CPG 22.-25. januar 2013. Eventuelle innspel kan rettast til ajb@npt.no.