Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Endringar i utfakturering frå Nkom
Sist oppdatert

Endringar i utfakturering frå Nkom

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit utset planlagt fakturering av ei rekke sektoravgifter og gebyr til tidleg på hausten. Dette på grunn av koronakrisa.

Fylgjande sektoravgifter og gebyr er utsette:

  • løyve til bruk av nummer og adresseressursar (forskriftas § 6)
  • sendarløyve for PMR og lågeffektsystem (forskriftas § 12)
  • sendarløyve for kringkastingstenester (forskriftas § 13)
  • andre sendarløyve (forskriftas § 14)
  • spektrumsløyve (forskriftas § 15)
  • andre frekvensgebyr og sektoravgifter (forskriftas § 16)

Opprinneleg var planen å utfakturere desse sektoravgiftene og gebyra i løpet av våren. På grunn av koronakrisa vil Nkom i staden utsette utfaktureringa til tidleg på hausten.