Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Datalagringsforskrifta er klar
Sist oppdatert

Datalagringsforskrifta er klar

Post- og teletilsynet (PT) har offentleggjort forskrifta om lagringsplikt for bestemte data og om tilrettelegging av desse (datalagringsforskrifta). Forskrifta presiserer og utdjupar ei rekke av dei krava som følgjer av Stortingets vedtak om iverksetting av datalagringsdirektivet.

Datalagringsforskrifta presiserer kva for data som er lagringspliktige, og kven som skal lagre dei ulike dataene. Som hovudregel skal selskapa som tilbyr tenesta til sluttbrukar, også lagre dei aktuelle dataene. Når det gjeld mobiltelefontenester og mobil tilgang til Internett, skal likevel trafikkdataene lagrast av eigarane av basestasjonane. Dette tyder at Telenor Norge AS, TeliaSonera Norge AS, Mobile Norway AS og ICE Norge AS, vil være lagringspliktige selskap for trafikkdata frå mobiltelefontenester i netta sine. Tilbydarar av mobiltelefontenester som ikkje har eigne basestasjoner, skal berre lagre abonnementsdata.

Ikkje innhald

Innhaldet i kommunikasjonen skal ikkje lagrast etter datalagringsforskrifta, og dette har verka inn på utforminga av dei krava som vil gjelde om kva som skal lagrast.

Datalagringsforskrifta set også krav til handsaming og tilrettelegging av dei lagringspliktige dataene, og presiserer kva for tidsfristar som gjeld for utlevering til politi og påtalestyresmakta, og til Finanstilsynet. Det vert opna for at politiet, påtalestyresmakta og i tillegg Finanstilsynet, kan avtale kortare responstid enn kravet i forskrifta med dei selskapa som er lagringspliktige.

Krav til handsaming av data

Forskrifta set ei rekkje krav til korleis dataene skal handsamast i dei seks månadane som Stortinget har bestemt at dei skal lagrast, mellom anna:

  • sporing av ein kvar handsaming av dataene
  • autorisering av dei som skal handsame dataene
  • tilrettelegging av dei lagringspliktige dataene når politiet eller Finanstilsynet krevjer å få desse levert.

Krav til lagring og handtering av dataene, som handsaming av personopplysningar, vert og bestemt av Datatilsynet i dei konsesjonane dei gir til selskap som er pliktige til å lagre data.

PT har i utforminga av forskrifta samarbeidd med både Datatilsynet, justissektoren og representantar for ekomsektoren. Forskrifta balanserer dei behova som justissektoren har for tilgang til dei lagringspliktige dataene, med omsynet til personvernet og like konkurransevilkår i ekomnæringa.

PT sendte forslag til forskrift på høyring 7. februar 2012. 36 svar kom inn, der 26 hadde merknadar. Alle merknadene er vurderte, og det er gjort einskilte endringar i forskrifta.

Formell fastsetting av forskrifta vil skje når den naudsynte fullmakta er delegert til PT. Forskrifta trer i kraft på same tid som ekomlova § 2-7a, om lagringsplikta. Kva tid dette blir, vert bestemt av Samferdselsdepartementet.