Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Betre kontroll må følgje teknologioptimismen
Sist oppdatert

Betre kontroll må følgje teknologioptimismen

Under Nkom Agenda i Lillesand i dag 7. juni, vart Nkoms årlege risikovurdering av ekomsektoren levert til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit meiner at samfunnet må vere meir medviten om korleis den spennande teknologiske utviklinga også påverkar den nasjonale kontrollen med kritisk tenesteproduksjon.

Nkom publiserte i fjor den fyrste overordna risikovurderinga av ekomsektoren. I årets rapport, EkomROS 2017, bygger Nkom vidare på risikobiletet som vart teikna då.

- Å spå kva risikoar vi vil møte dei nærmaste åra er ei krevjande oppgåve i ein bransje som utviklar seg raskt, seier Nkom-direktør Torstein Olsen.
- Likevel meiner vi at arbeidet med overordna risikovurderingar er med å peike ut hovedretningar som myndigheitene og verksemdene i sektoren må rette si merksemd mot.

I årets risikovurdering ser Nkom ein høg risiko knytt til redusert nasjonal kontroll med kritisk tenesteproduksjon, gjennom gradvis auka avhenge til funksjonar i utlandet. Dette krev at myndigheitene må ha ein aktiv rolle og finne ein god balanse mellom å legge til rette for innovasjon, men samtidig sørgje for at det er tilstrekkeleg nasjonal kontroll med nett og teneste. Dette er naudsynt for å sikre forsvarleg sikkerheit i fred, krise og krig.

Nordområda

Nkom vurderer også at risikoen er høg for uønska hendingar knytt til infrastrukturen i nordområda. Risikoen påverkast både av at langvarige utfall skjer oftare enn elles i landet, og av den potensielle konsekvensen av tilsikta handlingar mot infrastrukturen i området i ein krise- eller konfliktsituasjon.

Andre område som Nkom trekk fram i EkomROS 2017 er risikoen for brot på integritet og konfidensialitet, som følgjer av at informasjonen om brukarar, trafikkdata og innhald får stadig auka verdi for trusselaktørar. Nkom ser òg at den forventa massive auka av IoT-utstyr, og særleg vekst av billig utstyr av dårleg kvalitet, vil auke risikoen for forstyrringar i kritisk trådlaus kommunikasjon.

Dei neste åra forventast det betydelege endringar i sektoren. Utviklinga innanfor nettverksvirtualisering og automatisering held fram, langt på veg drive fram av krava som 5G er meint å innfri. 5G vil òg innebere eit paradigmeskifte innanfor mobiløkosystemet, der vi vil sjå nye aktørkonstellasjonar og kor dei store internasjonale internettselskapa venteleg vil styrke sin posisjon og rolle i sektoren.

Parallelt med dette vil særleg mobilnetta bære stadig fleire og større samfunnsverdiar. Mellom anna vil naud- og beredskapsbrukarar etter alt å dømme realisere sine datatenester heilt eller delvis i dei kommersielle mobilnetta, skriv Nkom i rapporten.