Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Nyheter Auksjon i 2 GHz-bandet
Sist oppdatert

Auksjon i 2 GHz-bandet

Post- og teletilsynet (PT) har konstatert overskotsetterspurnad etter frekvensar i 2 GHz-båndet (1920-1980 / 2110-2170 MHz). PT planlegg å tildele frekvensane i ein auksjon.

Kva skal tildelast og korleis skal tildelinga gå føre seg?

PT kunngjorde 13. juni 2012 at vi hadde mottatt søknad om landsdekkande spektrumsløyve for bruk av frekvensar i bandet 1920-1980 / 2110-2170 MHz. Frekvensbandet er i Noreg planlagt brukt til mobile radiotenester, og er det bandet som er mest nytta for å tilby mobilt breiband (3G, UMTS, HSPA etc.).

Ved utløp av søknadsfristen 4. juli 2012 kl. 12.00 vart det konstatert at det er overskotsetterspurnad etter frekvensane i bandet. Tildelinga vil skje i form av ein auksjon som går over fleire rundar. PT arbeider med å skaffe passande auksjonsprogramvare for å gjennomføre auksjonen over Internett. Kunngjøring med meir informasjon om auksjonen vil bli publisert på PT si heimeside etter sommaren. PT har som mål at auksjonen skal vere gjennomført i løpet av 2012.

Kven kan delta i auksjonen?

Auksjonen av frekvensane vil i utgangspunktet vere open for alle. Ingen aktørar skal stengast ute eller på annan måte avgrensast frå å kunne ta del i auksjonen, men det vil kunne bli aktuelt å nytte eit frekvenstak for å regulere kor mykje frekvensar kvar aktør kan kjøpe i auksjonen. PT vil kome attende med forslag til eit eventuelt frekvenstak i samband med kunngjering av auksjonsreglement, og interesserte partar vil få moglegheit til å kome med innspel til dette.
Ved ein auksjon vil også andre enn dei opphavlege søkjarane få høve til å delta og PT vil gjennomføre eigen registrering til auksjonen. For dei deltakarane som melde interesse i denne omgang og som dermed leverte inn bankgaranti, vil bankgarantien gjelde dersom desse også registrerer seg som deltakar i auksjonen.

Midlertidige frekvensløyve for dei ledige frekvensblokkene

I kunngjeringa 13. juni annonserte PT også moglegheit for å søkje på midlertidige løyve. Ved utløp av søknadsfristen konstaterte PT at det ikkje er overskotsetterspurnad etter frekvensane til midlertidig bruk. Midlertidig løyve med varigheit fram til frekvensane er tildelt på ordinær måte gjennom auksjon vil bli tildelt søkjar.