Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) forvaltar i 2019 nær 200 millionar kroner på vegner av Samferdsledepartementet til vidare utbygging av breiband.

- No inviterer vi fylka til å sende inn forslag til aktuelle prosjekt. Alle fylka har ein pott i ordninga, og eg er spent på innstillingane frå fylkeskommunane, seier Elisabeth Aarsæther, direktør i Nkom.

150 millionar kroner i statlege løyvinger vart tildelt i 2018. Desse midla ser ut til å gje utbygging av breiband verd om lag 860 millionar kroner. Ordninga er eit spleiselag. Dei statlege løyvingane bidreg til at kommunar, fylke, entreprenørar og brukarar vel å investere saman.

- Vi håper derfor at årets pott på 200 millionar gjer at utbygginga av breiband kan fortsetje på stader som elles ikkje hadde blitt bygd ut no, seier Aarsæther.

Støtteordninga er retta mot bustadar som ikkje har grunnleggjande breiband (10 Mbit/s). Ordninga tar òg omsyn til dei bustadane som har høgaste hastigheit mellom 10 Mbit/s og 30 Mbit/s, levert over koparnettet. Telenor har varsla at dei vil stenge koparnettet innan utløpet av 2022.

Ramma og fordelinga mellom fylka i 2019:

Fylke

Husholdn.
("HH") 'totalt

Fordeling 2019

Beløp per fylke 2019

Akershus

258 161

7,21 %

 kr         14 402 156

Aust-Agder

52 273

3,64 %

 kr           7 273 028

Buskerud

125 680

4,03 %

 kr           8 040 161

Finnmark

34 356

3,45 %

 kr           6 885 616

Hedmark

92 354

10,12 %

 kr         20 206 891

Hordaland

236 594

4,23 %

 kr           8 445 422

Møre og Romsdal

117 658

6,97 %

 kr         13 923 244

Nordland

111 148

12,67 %

 kr         25 303 741

Oppland

88 746

5,53 %

 kr         11 054 415

Oslo

340 444

0,00 %

 Note 1)

Rogaland

201 313

3,86 %

 kr           7 717 245

Sogn og Fjordane

47 402

4,18 %

 kr           8 348 974

Telemark

80 342

3,08 %

 kr           6 160 784

Troms

78 127

4,93 %

 kr           9 844 878

Trøndelag

216 646

17,67 %

 kr         35 299 031

Vest-Agder

82 590

4,17 %

 kr           8 324 606

Vestfold

112 662

0,95 %

 kr           1 891 869

Østfold

132 761

3,32 %

 kr           6 627 938

Norge totalt

2 409 257

100 %

 kr      199 750 000