Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Kalender Frekvensforum 2019
Sist oppdatert

Frekvensforum 2019

-
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet

Frekvensforum er ein treffstad for alle som er opptatt av korleis ein utnyttar dei viktige frekvensressursane på best mogeleg måte i Noreg.

Tema i år blir frekvensbehov for 5G, komande frekvenstildelingar og stråling frå radiosendarar.

Årets Frekvensforum vil i stor grad dreie seg om frekvensbehov i samband med innføring av ny teknologi. Vi forsøker å finne ut kva behov ulike aktørar, som til dømes industri og transportsektor, har for eigne frekvensressursar. Nokre land har sett av frekvensressursar til regionale/lokale løyve for neste generasjon mobilnett, og eitt av spørsmåla vi stiller er om vi bør gjere dette i Noreg også.

Faglig forum varer frå kl. 10:00 til 16:00. Påmeldinga er open.

Sosialt samvær etter det faglige programmet er over.
Frekvensforum vert arrangert i Nkoms lokal i Lillesand.

 

Kontaktpersoner i Nkom: 
fagsjef Espen Slette, esl@nkom.no, tlf. 480 74 518
rådgiver Cathrine Solheim, cso@nkom.no, tlf. 911 30 247

- Legg til i kalender