Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Kalender Frekvensforum
Sist oppdatert

Frekvensforum

-
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) inviterer til presentasjonar og diskusjonar om korleis frekvensar kan gje alle breiband, kommunikasjon frå satellittar og korleis kunstig intelligens kan vere med på å endre kvardagen vår.

På frekvensforum vil vi diskutere korleis frekvensar kan gje breiband til alle og Space Norway og Inmarsat vil fortelja korleis satellittar kan nyttast til å gje dekning i nordområda og på fly.

Telenor og Analysys Mason vil gje oss eit innblikk i korleis 5G og bruk av fast trådlaus breibandsaksess kan vere med å gje dekning i område som er vanskelig å nå med til dømes fiber. Nkom vil informere om tildeling av frekvensressursar til 5G, og universitetet i Agder vil gje oss eit innblikk i korleis kunstig intelligens kan brukast i elektronisk kommunikasjon.

Faglig forum varer frå kl. 10:00 til 16:15. Sosialt samvær etter det faglige programmet er over.
Frekvensforum vert arrangert i Nkoms lokal i Lillesand.


NORWRC vert gjennomført dagen etter Frekvensforum. Påmelding til NORWRC skjer gjennom same lenke som for Frekvensforum.

Meld deg på Frekvensforum 2018 innan 7. september.

Sjå meir informasjon og program her.

Overnatting:  Nkom har held av rom på Lillesand Hotel Norge til deltakarane på Frekvensforum. For å få rabatt på 20% av ordinær pris må deltakarane sjølv bestille rom direkte hos Hotel Norge, anten på telefon 37 27 01 44 eller epost lillesand@hotelnorge.no. Reservasjonskode: Nkom.  

 

Kontaktperson i Nkom: 
fagsjef Espen Slette, esl@nkom.no, tlf. 480 74 518 (fagleg innhald)
rådgiver Cathrine Solheim, cso@nkom.no, tlf. 911 30 247 (arrangementskoordinator) 

- Legg til i kalender