Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Høringer PT sender datalagringsforskrifta på høyring
Sist oppdatert

PT sender datalagringsforskrifta på høyring

Post- og teletilsynet (PT) sender forslag til forskrift om datalagring på høyring. Forskrifta gjeld plikta til å lagre bestemte data og korleis desse skal tilretteleggast om nokon skal ha dei utlevert. Forskrifta er del av den samla reguleringa som skal vere på plass før reglane som implementerer datalagringsdirektivet byrjar å gjelde.

Forslaget inneber ei presisering av kva for data som er lagringspliktige. Forskrifta gir og ei rekkje detaljerte krav om korleis dataene skal handsamast i den seks månaders perioden Stortinget har vedteke at dei skal lagrast, mellom anna:

  • krav til sporing av handsaming av lagringspliktige data, 
  • krav til autorisering av dei som skal handsame desse dataene, 
  • regulering av når autorisert personell kan handsame lagringspliktige data, og 
  • korleis lagringspliktige data skal verte tilrettelagt når nokon som etter forskrifta har slikt høve, krev å få dei utlevert.

PT har arbeidd saman med mellom andre Datatilsynet, justissektoren og representantar frå ekomsektoren i utforminga av forskrifta. Forslaget til PT tar inn over seg både behova som justissektoren har og omsynet til personvernet. Omsynet til like konkurransevilkår i ekomnæringa har og vore særs viktig når PT har utarbeidd forslaget.

PT sender nå forslaget på offentleg høyring. Send innspel til firmapost@npt.no innan 10. april 2012.

Dokumenter

Høyringssvar med merknadar:

Høyringssvar utan merknadar: