Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Aktuelt Høringer Høyring om forslag til endringar i fribruksforskrifta
Sist oppdatert

Høyring om forslag til endringar i fribruksforskrifta

Nkom foreslår endringar i forskrifta om generelle løyve til bruk av frekvensar (fribruksforskrifta). Forslaget er sende ut på høyring med svarfrist 9.november 2015.

Marknaden for bruk av radiofrekvensar til elektronisk utstyr er i rask utvikling både nasjonalt og internasjonalt. Dette gjer det naudsynt med regelmessige endringar av regelverket om generelle frekvensløyve.

Eit generelt frekvensløyve betyr at radiofrekvensar kan takast i bruk av alle, utan å søkje om eige løyve. Fribruksforskrifta gjev løyve til bruk av frekvensar for mellom anna fjernkontrollar, dataoverføring, alarmsystem og handhaldt mobilradio.

I tida etter at fribruksforskrifta sist vart revidert i 2014, har det skjedd ei rekkje endringar i det harmoniserte regelverket i Europa. Revisjonen som Nkom foreslår no inneber endringar av tekniske vilkår, utviding av gjeldande frekvensband og avsetting av nye frekvensband innan mellom anna kortdistansekommunikasjonsutstyr, ultrabreibandsutstyr, handhaldt mobilradio, trådlause mikrofonar og RFID-utstyr.

Ekomstyresmakta har sidan 2000 gjeve generelle løyve til bruk av frekvensar i forskrift. Gjeldande versjon av forskrifta finn du her.

Alle som ynskjer det, kan sende kommentarar til forslaget innan 
høyringsfristen 9. november 2015 på e-post til firmapost@nkom.no

Høyringssvara vil bli publiserte etter at fristen for å sende inn forslag har gått ut.

Spørsmål om høyringa kan rettast til

  • seksjonssjef Bent André Støyva, e-post: bst@nkom.no, telefonnr. 22 82 48 33
  • seniorrådgjevar Linda Must, e-post: lmu@nkom.no, telefonnr. 22 82 48 08 

Forskrifta er fastsatt.

Høyringssvar