Digitalt Frekvensforum

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) inviterer i år til digitalt Frekvensforum den 16. september. Forumet vil være av interesse for alle som ynskjer å halde seg oppdatert på aktuelle tema innanfor elektronisk kommunikasjon og frekvensar – med eit særleg fokus på frekvensar for mobilkommunikasjon og 5G.

- Det er niande gong Nkom arrangerer Frekvensforum, og i år gjennomførast forumet i nytt digitalt format, inviterer fungerande avdelingsdirektør Espen Slette i Spektrumsavdelinga i Nkom.

 - Her vil vi ha ei blanding av eksterne og interne foredragshaldarar som vil gje oss ei oppdatering på 5G-utrulling og spektrumstildelingar til mobilkommunikasjon og 5G. Vi vil også få høyre om elektronisk kommunikasjon og miljø, og innblikk i spennande forskingsprosjekt, seier fungerande avdelingsdirektør Espen Slette i Spektrumsavdelinga i Nkom.

Hald av dagen 16. september

Frekvensforum vert i år gjennomført som eit nettbasert arrangement. Deltaking er gratis, men krev påmelding. 

Nærare informasjon om arrangementet blir sendt ut i august. 

Velkomen!

Påmelding

Lenke til påmelding er her.

Kontakt

Fagleg innhald:
senioringeniør Anja Vimme Skadal, avi@nkom.no, tlf.: 47 47 77 77

Praktisk informasjon:
rådgjevar Cathrine Solheim, cso@nkom.no, tlf.: 91 13 02 47