Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Bredbånd Utbygging Om breibandsstønadsordninga
Sist oppdatert

Om breibandsstønadsordninga

Breibandsstønadsordninga er ei offentleg stønadsordning finansiert over statsbudsjettet med fastsette kriteriar for tildeling av stønad.

Kor mykje blir fordelt?

Stortinget har løyva om lag 126,5 millionar kroner over statsbudsjettet for 2016 til breibandstilskotsordninga. Midla inngår i budsjettet til Samferdsledepartementet (SD).

Midlar blir tildelte gjennom søknader og det blir lagt opp til éi utlysing i 2016.

Organisering av ordninga

Fylkeskommunane skal vurdere og rangere søknader frå eige fylke, medan Nkom skal gjere ei endeleg avgjerd opp mot evalueringskriteria og den totale budsjettramma.

Kriteria

Det er seks evalueringskriterium for tildeling av breibandsstønad:

  1. Talet på nye husstandar som får eit breibandstilbod
  2. Kostnadseffektivitet
  3. Lokal medfinansiering
  4. Plan for bærekraftig drift
  5. Betring av eksisterande breibandstilbod
  6. Kva dette har å seie for lokal samfunnsutvikling

Vektinga av dei ulike kriteria kan du lese meir om i denne skildringa av tilskotsordninga for breibandsutbygging