Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Bredbånd Utbygging Nasjonal stønad til breibandutbygging
Sist oppdatert

Nasjonal stønad til breibandutbygging

Breibandtilskotsordninga skal vere ein hjelpar til at alle husstandar i Noreg får eit grunnleggjande breibandstilbod av god kvalitet. Det er også mogleg å få stønad til å auke kapasiteten på breibandet i område der kapasiteten er låg, tilbodet er avgrensa og det ikkje er venta meir kommersiell utbygging i dei næraste åra.

Den offentlege stønadsordninga skal finansiere breibandsutbygging i område der dei kommersielle aktørane ikkje finn det lønsamt å byggje ut breiband.

Tilskotsordninga blir forvalta av Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) i samspel med fylkeskommunane. Ordninga er godkjend av EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) basert på retningslinene til EU-kommisjonen for statleg stønad til breibandsutbygging.