Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Bredbånd Utbygging Å søkje breibandstilskot
Sist oppdatert

Å søkje breibandstilskot

Søknaden om tilskot til breibandsutbygging må kome frå ein kommune eller ein fylkeskommune. Etter det skal prosjektet ut på offentleg anbod. Fristen for å søkje stønad for 2016 er 10. mai.

Kven kan søkje om breibandsstønad?

Det er berre kommunar eller fylkeskommunar som kan søkje om breibandsstønad, ikkje private selskap eller privatpersonar. Det er derimot ikkje noko i vegen for at fleire offentlege eller private partnarar kan samarbeide med ein kommune eller fylkeskommune om lokale forundersøkingar og prosjektplanlegging som grunnlag for søknaden.

Kommunen kan be om lokalt dekningskart på denne e-postadressa: dekningskart@nkom.no. Sjå "Spørsmål og svar."

Korleis søkje om breibandsstønad?

For å søkje om breibandsstønad må du fylle ut eit elektronisk søknadsskjema i www.regionalforvaltning.no og leggje ved eit skjema med tilleggsinformasjon. Dette skjemaet kan du laste ned i bokmålsversjon og nynorskversjon. Søkjaren skal fylle dette ut. Rettleiinga for innlegging av søknaden i www.regionalforvaltning.no kan du også laste ned her:

Kommunar som planlegg å søkje skal offentleggjere informasjon om kva for eit geografisk område den planlagde utbygginga gjeld med høyringsfrist på minst ein månad. Interesserte partar skal få høve til å gi innspel til kommunen før søknaden leverast. Offentleggjering kan skje på kommunens heimeside, men lenkje til informasjonen skal i tillegg sendast Nkom på e-post: van@nkom.no som vil publisere ein nasjonal oversikt over planlagde prosjekt.

Sjå ofte stilte spørsmål for meir informasjon.

Skjema