Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Teknisk Bredbånd Breiband Breibandstelefoni
Sist oppdatert

Breibandstelefoni

Breibandstelefoni (også kalla IP-telefoni) er telefonteneste levert over breibandet. Du brukar telefon på vanleg måte, men samtalen går via breibandet i staden for det tradisjonelle telefonnettet.

Akkurat som når du vel breiband, kan du mange stader i landet også velje mellom fleire leverandørar når du skal velje breibandstelefon. Det er ikkje nødvendig å bruke same leverandør av breiband og breibandstelefoni. Sjekk Telepriser.no for å sjå kven som tilbyr breibandstelefoni i ditt fylke.

Mange leverandørar har ikkje eige nett, men leiger kapasitet frå andre eller nyttar Internett. Kontakt leverandøren for meir informasjon.

Ringe utan å bruke telefonapparat

Det er også mogeleg sjølv å laste ned spesiell programvare som gjer PC-en din om til en slags telefon ved å kople til mikrofon og høgttalar. Då kan du kommunisere med andre med tilsvarande utstyr.

Dette vil normalt ikkje bli definert som del av offentleg telefonteneste, og det finst fleire gratis program. Mange har glede av slike tenester når dei til dømes skal halde kontakt med vener i utlandet.

Talekvalitet på tenesten

Det har vore mange diskusjonar rundt tekniske løysingar for breibandstelefoni, og om det er tilstrekkeleg god talekvalitet på tenestene.

Prioritering i nettet kan vere eit verkemiddel for å få god kvalitet på taletrafikken. Ved slik prioritering kan ein styre kva type trafikk som skal ha føretrinn. Det gjer ein for å sikre at denne trafikken kjem betre fram enn annan trafikk.

Breibandstelefoni som nyttar Internett (til dømes Skype) vil som regel ikkje kunne prioriteras føre annan trafikk. Likevel opplevas kvaliteten som akseptabel i dei fleste tilhøve.