Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Spørsmål og svar Stønad til breibandutbygging
Sist oppdatert

Stønad til breibandutbygging

Stønadsordninga er primært retta inn mot utbyggingsprosjekt som skaper eit tilbod til husstandar som manglar  grunnleggjande breiband i dag. Sekundært er det høve til å søkje om stønad også for prosjekt for kapasitetsauke i område utan tilbod om høgkapasitets breiband (minst 30 Mbit/s) og der ein ikkje kan rekne med kommersiell utbygging av høgkapasitets breiband dei nærmaste åra.

Sist endret

Søkjar, og dermed prosjekteigar, må anten vere ein norsk kommune eller ein fylkeskommune. Prosjekta kan vere samansette av mange partnarar, til dømes kommunar, regionråd, grendelag eller private aktørar. Stønadsmidla vil bli overførte til søkjar/prosjekteigar som må leggje prosjektet ut på offenteg anbod og det vil bli pålagt forvaltnings- og rapporteringskrav i høve til økonomiregelverket til staten.

Sist endret

Ein må registrere søknader på nettstaden www.regionalforvaltning.no. Det vil ikkje bli høve til å levere inn søknader på annan måte. Ein søknad har to delar:

  1. Prosjektskildring (elektronisk søknadsskjema)
    • Faktaopplysningar om prosjektet. 
    • Blir fylt ut ved innlogging på nettstaden Regionalforvaltning.no som har eit ålment søknadsskjema som blir brukt til fleire stønadsordningar. Det er utarbeidd ein eige søknadsrettleiar som hjelp til å fylle ut søknader for denne stønadsordninga. 
  2. Tilleggsinformasjon (skjema for tilleggsinformasjon) 
    • Informasjon om korleis søknaden oppfyller evalueringskriteria til ordninga. 
    • Last ned og fyll ut «skjema for tilleggsinformasjon (nynorsk / bokmål)».
    • Utfylt skjema blir konvertert til pdf-format, skal signerast og lastast opp som vedlegg til søknaden på Regionalforvaltning.no.

Sist endret

Kva som blir oppfatta som «breiband av grunnleggjande god kvalitet» vil endre seg parallelt med den teknologiske utviklinga, nye tenestetilbod og brukarbehov. Ein brukar ulike teknologiar til å levere «breiband av grunnleggjande god kvalitet», til dømes ADSL/VDSL-teknologi, kabel-TV og mobil 4G-teknologi. Nye tenester og brukarbehov gjer det også naturleg å revurdere tidlegare definisjonar av kapasitetsbehov. Nkom har oppgåva med å definere kva ein legg i omgrepet «breiband av grunnleggjande god kvalitet» for denne tilskotsordninga. «Kvalitet» vil kunne omfatte fleire ting enn berre overføringskapasitet.

I høve til omgrepet «kvitt område» (sjå spørsmål "Kva meiner vi med eit «kvitt område»") gjeld følgjande:

  • Breibandstilbod med mindre enn 4 Mbit/s fart på nedlastinga blir ikkje rekna for å oppfylle krav til «breiband av grunnleggjande god kvalitet». 
  • Breibandstilbod som fører med seg avgrensingar for «normal» bruk av tenester og innhald blir heller ikkje rekna for å oppfylle kravet. Dette gjeld m.a. lang tidsforseinking/responstid og små volumkvoter for nedlasting.

Sist endret

Eit «kvitt område» er eit omgrep i retningslinene til EU for statleg stønad til breibandsutbygging og vil seie eit geografisk område som manglar grunnleggjande breibandstilbod og kor det ikkje er rekna med kommersiell utbygging av slikt tilbod dei nærmaste tre åra.

Sist endret

Område der det eksisterer eit grunnleggjande breibandstilbod kan kvalifisere for tilskot om det einast er tilbod om grunnleggjande breiband (dvs. mindre enn 30 Mbit/s), og ikkje høgfartsbreiband eller forventa kommersiell utbygging av slikt tilbod dei nærmaste tre åra. Eit slikt område kallast eit «kvitt NGA-område». NGA betyr "Next Generation Access".

Ein kan gje stønad til utbygging av auka breibandskapasitet i eit slikt område om utbygginga fører med seg utbygging av såkalla NGA-breiband over 30 Mbit/s. Døme på NGA-nett er fibertilknytting og oppgraderte HFC-nett (Hybrid Fiber Coax).

Hvitt NGA-område

Sist endret

For å sikre at den offentlege stønaden ikkje fører til at det blir skapt lokale monopol, men heller utviklar og styrkjer det lokale marknadstilbodet med reell valfridom for sluttbrukarane, er det eit krav at infrastruktur som får stønad skal vere open for tilgang for tredjepart. Tilgangen skal vere garantert i minst sju år.

Prosjekteigar må difor stille krav om tilgang for tredjepart i anbodsutlysinga. Om anbodet blir vunne av små lokale aktørar i område med spreidd busetnad, vil omfanget av tilgangsprodukt kunne bli avgrensa i høve til kva ein legg til grunn på nasjonalt nivå.

Sist endret

Søkjar må dokumentere at det er gjort undersøkingar hjå relevante breibandsleverandørar for å sikre at det ikkje alt er sett i gang utbygging eller at dei har vedteke planar for utbygging innanfor dei nærmaste tre åra i det området det blir søkt stønad for.

Som «relevante breibandleverandørar» reknar vi i denne samanhengen:

  • alle landsdekkjande tilbydarar 
  • andre operatørar som tilbyd breiband i den eller dei kommunane der det blir søkt om stønad

Søkjer skal i tillegg offentleggjere informasjon om planlagd utbygging på kommunens heimeside med høyringsfrist på minst ein månad.

Sist endret

Søkjar kan be om lokale dekningskart for dei områda som søknaden gjeld. Karta blir produserte av Nkom.

Karta viser breibandsdekning i kvadrat på 100 x 100 meter, og det blir laga to kart for kvart område:

  • Eitt som viser dekning for 4 Mbit/s nedstraums kapasitet («grunnleggjande breiband») , eksklusive satellitt.
  • Eitt som viser dekning for 30 Mbit/s nedstraums kapasitet («NGA breiband»)

Dekningsdata er basert på Dekningsundersøkelsen som vart gjort av Nexia å oppdrag frå Nkom i 2016, sjå: http://www.nkom.no/aktuelt/nyheter/stor-%C3%B8kning-i-tilgangen-til-h%C3%B8yhastighets-bredb%C3%A5nd

Ein kan sende førespurnad om dekningskart til Nkom, e-post: dekningskart@nkom.no. Merk e-posten med «Dekningskart for breiband». Ein baserer kartdata på eit verktøy som heiter «Open Street Map» og tinginga skal innehalde namn på kommune og eventuelt WGS 84-koordinatar.

Sist endret

Ordninga har ei øvre grense for den samla offentlege stønaden til enkeltprosjekt på 80 millionar kroner. 

Sist endret

Etableringa av eit nytt eller betra breibandstilbod vil typisk omfatte tre fasar; planleggingsfase, utbyggingsfase og driftsfase. Det blir berre gjeve stønad til kostnader knytta til utbyggingsfasen. Ordninga aksepterer heller ikkje at stønaden går til dekking av kostnader som er oppsamla før vedtaksdato for tildeling av middel.

Søknadsprosessen

Sist endret

Ordninga godkjenner at eigeninnsats frå prosjektdeltakarane i form av persontimar ved til dømes dugnad og prosjektleiing blir ført som lokal medfinansiering. Større dugnadsarbeid må dokumenterast og på førespurnad må søkjar kunne leggje fram detaljerte timelister som viser korleis ein har rekna kostnadene for eigeninnsats.

Sist endret

Ordninga har ein annonsert søknadsfrist og innkomne søknader vil bli vurdert opp mot kvarandre slik dei føreligg når søknadsfristen går ut. Det er ikkje høve korkje for søkjar eller forvaltar av ordninga (Nkom) til å gjere tilpassingar i søknadene etter at fristen har gått ut.

Søknader vil bli evaluerte slik dei framstår med den informasjonen som søkjar har registrert i det elektroniske søknadsskjemaet og det tilhøyrande vedlegget.

Evalueringskriteriar og innbyrdes vekting av ordninga kjem fram av tabellen under:

Nr

Evalueringskriterium

Vurderingselement

Vekting

1

Talet på husstandar som får eit tilbod om breiband med grunnleggjande god kvalitet

-     Talet på nye aksessar og relativ auke av dekning

30 %

2

Kostnadseffektiv nettutbygging i kvart einskild prosjekt

-     Best mogleg utnytting av tilgjengelege middel

-     Investeringskostnad per aksess

-     Tilgang til eksisterande infrastruktur som grøfter, stolpar, punkt, etc

25 %

3

Lokal medfinansiering

-     Lokal medfinansiering, sett iht. talet på aktuelle brukarar/kundar

-     Grad av eigeninnsats

20 %

4

Plan for bærekraftig drift etter at utbygginga er gjennomført

-       Kor sannsynleg det er at breibandstilbodet kan oppretthaldast og vidareutviklast

15 %

5

Betring av eksisterande breibandstilbod

-       Talet på aksessar som får auka kapasitet og kor stor kapasitetsauken er

5 %

6

Kor viktig utbygginga er for lokal samfunnsutvikling, verdiskaping og attraktivitet for innbyggjarar, næringsliv og besøkande

-       Samfunnsvinsten som blir utløyst av breibandsbygginga

-       Konkrete døme på kva dette har å seie for lokalt næringsliv etc.

-       Betring i mobildekninga

5 %

 

Sist endret