Marknadsregulering

Nkom skal sørgje for at alle aktørar får like konkurransevilkår, som gir priskonkurranse og valalternativ for kundar. Marknader skal sjølv få fungere og utvikle berekraftig konkurranse der det er mogleg. Nkom vurderer om det er behov for regulering av tilbydarar. Det gjeld både innanfor post- og ekomtenester.

Sikkerheit og beredskap

Nkom har eit spesielt ansvar knytt til sikkerheit og beredskap i elektroniske kommunikasjonsnett (ekomnett), mot både dataangrep og belastningar frå ekstremvêr. Vi har også ei aktiv rolle i utviklinga av nytt naudnett og mobil beredskap ved hendingar. Nkom har 24/7 vaktordningar for monitorering og rapportering på sikkerheitshendingar på fysisk og logisk nivå, og fylgjer opp tausheitsplikta og kommunikasjonsvernet i elektronisk kommunikasjon.

Ressursforvaltar

Nkom forvaltar frekvensar for mobil, radio og fjernsyn i Noreg. Frekvensar utgjer ein verdifull og begrensa naturressurs som einkvar innbyggar og verksemd har nytte av. Tilgang til frekvensar er viktig for at alle kan få tilgang til gode, rimelege og framtidsretta tenester i heile landet. For Nkom er det sær viktig å tilrettelegge for og tildele nye frekvensband for 5G. Telefonnummer-ressursane i Noreg blir forvalta av Nkom, og fordelte etter søknad til operatørar.

Tilsyn og kontroll

Vi fører tilsyn gjennom systematisk marknadskontroll med omsetning av radio-, teleterminal-, og nettutstyr, for å sjekke at produkta samsvarer med regelverket. Ei eiga autorisasjonsordning for ekominstallasjonar skal sikre trygge nett for heile samfunnet. Nkom fører også tilsyn med prisar og tilbod frå ekombransjen til forbrukarar.

Nkom måler stråling frå elektronisk utstyr, og følgjer opp bruk av ulovleg jammarutstyr som forstyrrar og blokkerer samfunnskritiske tenester.

Vi har også tilsynsansvaret for at norsk domeneforvaltning og toppdomenete  .no blir værande ein sikker og trygg ressurs.

Nasjonalt og internasjonalt samarbeid

Nkom har eit aktivt og godt samarbeid med bransjar og myndigheiter, og tilbyr samarbeidsplattformer i form av konferansar og møteplassar. I 2020 har dei fleste plattformane vore digitale.

Internasjonalt er vi aktive i ei rekkje fora innanfor EU for å sikre koordinering av internasjonale regelverk for post og ekom på tvers av landegrenser. Nkom representerer også Noreg i ei rekkje EØS-komitear.

Informassjonsverksemd

Vår oppgåve er å sikre at det norske samfunnet er best mogleg orientert om ny teknologi innan ekom. 

Det vil seie at vi gjer tilgjengeleg nyttig forbrukarinformasjon, nyheiter, regelverk, forskrifter og lover på nettsida vår, har informasjonskampanjar og informerer i ulike bransjekanalar. Vi prøver å respondere raskt på førespurnader frå forbrukarar, bransjar, myndigheiter og media. 

Hovudkontor i Lillesand

Nkom har hovudkontor i Lillesand, og er organisert i fem avdelingar. Om lag 162 tilsette jobbar i sørlandsbyen, og resterande tilsette har arbeidsplassen sin på Nkom sine regionkontor i Lødingen, Trondheim, Bergen og Oslo.

Pål Wien Espen er direktør i Nkom. 

Ved utgangen av 2021 hadde Nkom 178 tilsette fordelt på 164 årsverk.

Tildelingsbrev frå KDD

Her kan du lese tildelingsbrevet 2023 frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) til Nkom, der KDD gjev styringssignaler, føringar og rapporteringskrav til Nkoms arbeid.