Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Om Nkom Sektoravgifter og gebyr
Sist oppdatert

Sektoravgifter og gebyr til Nkom

Stortinget har vedteke at Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) skal vere sjølvfinansiert.

Ny forskrift om sektoravgifter og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) var på høyring frå juli til september i 2016. Den nye forskrifta vil tre i kraft etter at Stortinget har fastsett endringar i ekomlova, jf. Prop. 157 LS (2015-2016). Det er venta at dette skjer i løpet av februar 2017.

Snarast etter det vil Samferdselsdepartementet fastsette ny forskrift om sektoravgift og gebyr til Nkom. Deretter startar Nkom arbeid med faktureringa av sektoravgifter og gebyr, og delar av denne utfaktureringa vil i 2017 difor gå føre seg litt seinare på året enn det som er vanleg. Berekning av sektoravgifter og gebyr for 2017 vil gå føre seg etter ny forskrift.

Sektoravgifter og gebyr skal hentast frå dei som Nkom har tilsyn med, og utgjer til saman om lag 195 millionar kvart år. Berre ein liten del av inntektene til Nkom kjem over statsbudsjettet.

Stortinget vedtek kvart år kor mykje Nkom skal krevje inn i sektoravgifter og gebyr det komande året. Dette skal så krevjast inn frå dei som har plikt til å betale etter lov og forskrift. Berekninga av sektoravgift og gebyr går ut på å fordele kostnadane forholdsmessig mellom dei som skal betale. Sektoravgift og gebyr vert utmåla anten som ein årleg sektoravgift for heile kalenderår eller som eit eingongsgebyr.

Nkom krev inn sektoravgift/gebyr frå ulike aktørar, mellom anna frå dei selskap i ulike marknader for elektronisk kommunikasjon, frå dei som har frekvensløyve eller nummerløyve og frå dei som driv autorisert eller registrert verksemd. Reglane om sektoravgift/gebyr er gitt i lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova) § 12-1. Modellen som fordelar sektoravgifter og gebyr mellom dei som skal betale, er gitt som reglar i forskrift om gebyr til Post- og teletilsynet (skal endrast til forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit» så snart Stortinget vedtek endringar i ekomlova som mogleg).

Spørsmål om sektoravgift og gebyr kan sendast til firmapost@nkom.no.

Eksisterande forskrift heiter framleis Forskrift om gebyr til Post- og teletilsynet. Nedanfor er enkelte sentrale fråsegn i forskrifta:

Gebyr etter gebyrforskrifta kapittel II

49 % av dei samla gebyra skal krevjast frå tilbydar av elektronisk kommunikasjonsnett, elektronisk kommunikasjonsteneste og tilhøyrande fasilitetar, sertifikatutstedar som er registreringspliktig etter lov av 15. juni 2001 nr. 81 om elektronisk signatur § 18 og innehavar av løyve til bruk av nummer, namn og adresseressursar, jf. gebyrforskrifta § 1.

Nummer, namn og adresseressursar

Den som har løyve til bruk av nummer, namn og adresseressursar skal betale gebyr etter reglane i gebyrforskrifta § 3.

Sertifikatutstedar

Sertifikatutstedar som er registreringspliktig skal betale gebyr etter reglane i gebyrforskrifta § 5.

Gebyr for tilbydar av elektronisk kommunikasjonsnett, elektronisk kommunikasjonsteneste og tilhøyrande fasilitetar
Tilsyn med nett, tenester og tilhøyrande fasilitetar finansierast gjennom ein omsetningsbasert gebyrmodell. Dei som har ein relevant årleg omsetning på meir enn 30 millionar kroner, skal betale ein forhaldsmessig del av gebyret. Storleiken på dei omsetningsbaserte gebyra kvar einskild skal betale, vil avhenge av den gebyrpliktige sin brøkdel av den samla relevante omsetninga. Reglane om gebyr for tilbydar av elektronisk kommunikasjonsnett, elektronisk kommunikasjonsteneste og tilhøyrande fasilitetar finn ein i gebyrforskrifta § 6.

 Postoperatør

2 % av dei samla gebyra skal krevjast frå postoperatørar. Nkom fastsett ved enkeltvedtak årleg gebyr for postoperatørar i samsvar med postloven § 20, jf. gebyrforskrifta § 4.

Gebyr etter gebyrforskrifta kapittel III

41 % av dei samla gebyra skal krevjast inn frå dei som har frekvensløyve, jf. gebyrforskrifta § 1.
Modellen deler inn frekvensløyva i fire ulike kategoriar og set fast kor stor brøkdel av frekvensgebyra som skal betalast av kvar einskilt innehavar av løyve innan kvar kategori, jf. gebyrforskrifta § 8.

Fleire av gebyra vert utmåla i to komponentar. Den eine komponenten vert delt mellom aktørane, utan omsyn til den ressursmengda som vert disponert. Den andre komponenten vert så spreidd på grunnlag av fordelingsnøklar som tar eit visst omsyn til ressursmengda. Dette reflekterer at Nkom sine kostnader knytt til kvar innehavar av frekvensløyve ikkje veks proporsjonalt med den del av ressursmengda den enkelte disponerer, og at Nkom har større kostnader knytt til nokre frekvensband.

Nokre frekvensgebyr vert fastsett utanfor desse modellane, jf. gebyrforskrifta § 7 og § 13.

Årleg gebyr vert utmåla for heile kalenderår (gebyrperiode), jf. gebyrforskrifta § 2:

  • Det skal betalast gebyr for kalenderåret når frekvensløyve er gyldig ved kalenderåret sin start. 
  • Det skal og betalast gebyr for heile kalenderåret i det året frekvensløyve vert gitt. 
  • I dei tilfella frekvensløyve er sagt opp innan starten av eit kalenderår, skal det ikkje betalast gebyr for det følgjande året. Nkom sender kvittering til kunden om at oppseiing av frekvensløyve er motteken.

Gebyr etter gebyrforskrifta kapittel IV

8 % av dei samla gebyra skal krevjast inn frå dei som:

  • er registrert leverandør av radio og terminalutstyr og radioforhandlarar
  • er autoriserte installatørar
  • har løyve for aeromobilt utstyr
  • har løyve for personleg nødpeilesendar

Utstyrsrelatert tilsyn vert finansiert gjennom gebyr retta mot registrerte importørar, produsentar, radioforhandlarar og autoriserte installatørar.

Årleg gebyr vert utmåla for heile kalenderår (gebyrperiode), jf. gebyrforskrifta § 2.

Aeromobilt utstyr

Dei som har løyve for aeromobilt utstyr skal betale gebyr etter reglane og satsane i gebyrforskrifta § 14.

Personleg naudpeilesendar

Dei som har løyve for identifiserbar naudpeilesendar skal betale gebyr etter reglane og satsane i gebyrforskrifta § 15.

Gebyr for registrert leverandør eller radioforhandlar 

Dei som er registrert leverandør eller radioforhandlar skal betale gebyr etter reglane og satsane i gebyrforskrifta § 16.
Dei som er autoriserte installatører skal betale gebyr etter reglane og satsane i gebyrforskrifta § 17.