Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Marked Posttjenester Postregulering Internasjonal postregulering
Sist oppdatert

Internasjonal postregulering

Postregelverket er i stor grad basert på direktiv frå EU. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) driv utstrakt internasjonalt samarbeid på postområdet.

EU-direktiv 97/67/EØF "Om felles reglar for utviklinga av ein indre marknad for posttenester i Fellesskapet og forbetring av kvaliteten på tenestene" (postdirektivet) var det fyrste direktivet på postområdet i EU. Endringsdirektiv til postdirektivet kom 10. juni 2002 og  i 2008 (2008/6/EC). Direktiva er gjennomført i norsk rett, seinast ved ny postlov i juni 2015. For meir informasjon om direktivet 2008/6/EC og liberalisering av postmarknadene i Europa  kan du sjå her (EU-kommisjonens heimeside).

EU-kommisjonen har etablert European Regulators Group for Postal Services (ERGP) som er eit samarbeidsorgan for europeiske postregulatørar. Nkom deltek som observatør i ERGP. ERGP skal bidra til økt koordinering og samarbeid mellom dei nasjonale tilsynsmyndigheitene og mellom desse myndigheitene og Kommisjonen.

Nkom samarbeider med blant anna nordiske søsterorganisasjonar om postregulatoriske tema. Klikk for nærare opplysningar om systerorganisasjonane våre i SverigeDanmarkFinland og Island.

CERP er ein organisasjon for styringsorgana innanfor postsektoren i alle europeiske land. CERP har arbeidsgrupper som jobbar med problemstillingar av økonomifagleg karakter, poststandardisering, overnasjonal postregulering og andre regulatoriske problemstillingar. I tillegg etablerer dei prosjektgrupper ved behov.

Internasjonalt samarbeid og postregulering blir også drive av UPU (Verdspostforeininga). UPU er eit organ under FN som blei etablert i 1874, og har meir enn 180 medlemsland. UPU har sekretariat i Bern (Sveits). Det øvste organet i UPU er kongressen, som blir halden kvart fjerde år. Den siste kongressen blei arrangert i Doha i 2012. Det blir halde ny kongress i Istanbul i 2016. Noreg stiller med delegatar frå Samferdselsdepartementet, Posten Norge AS og Nkom.