Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Marked Posttjenester Postens konsesjon Produktregnskap
Sist oppdatert

Postens produktrekneskap

Posten Noreg AS er i konsesjonen pkt. 5 pålagd å utarbeide ein årleg produktrekneskap til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom). Denne skal vise oversikt over inntekter, kostnader, kapital og resultat knytt til produkt og tenester og skal utarbeidast på konsernbasis.

Føremålet med produktrekneskapen er å gje grunnlag for å vurdere om prisane for leveringspliktige tenester og ikkje-leveringspliktige tenester innanfor einerettsområdet og leveringspliktige tenester utanfor einerettsområdet er kostnadsbaserte, og om ulovleg kryssubsidiering skjer, jf. konsesjonen pkt. 4.1.

Produktrekneskapen skal følgje kalenderåret og sendast Nkom innan tre månader etter at finansrekneskapen er lagd fram. Konsesjonen pkt. 5 gjev detaljerte reglar om produktrekneskapen. Produktrekneskapen for dei siste åra finn du i relaterte dokument til høgre.